Manheimstrondi (veg i Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå vegen Manheimstrondi.
Foto: Roy Olsen (2018).

Manheimstrondi er ein veg i Seljord kommune som går austover frå E134 i skiljet mellom Vallarvegen og Bygdaråvegen. Han følgjer Seljordsvatnet på nordsida til kommunegrensa mot Midt-Telemark ved Hegna camping der han går over i Seljordvegen. Vegen er ein del av riksveg 36 og er kring 15,2 kilometer lang.

Fyrste del av vegen Skarkevje–Skolehuset og Vefald–Ingerskot med ei samla lengde på 5 280 meter blei anlagd som nødsarbeid og sto ferdig i 1925.

Ved Heggenes går vegen gjennom den 568 meter lange tunnelen Sjøormporten. Tunnelen opna 4. juli 1991 og het opphaveleg Heggenestunnelen, men namnet vart endra til Sjøormporten i 1999. I 2019 vart det utført ei stor oppgradering av tunnelen i henhold til EU-direktiva.

Frå september 2019 til mai 2021 gjekk vegen gjennom ei stor oppgradering og var heilt stengd i to periodar på sju månader.

Vegen vart namnsett i 2005.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Wikipedia: Sjøormporten
  • Telemarksavisa: Heggenestunnelen vert opna torsdag. Artikkel frå 3. juli 1991
  • Statens vegvesen: Åpner rv. 36 langs Seljordsvannet. Publisert 26. november 2019


Koordinater: 59.48930° N 8.64424° Ø