Signe Hovet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Signe Hovet og ordførar Steinar Kyrvestad
Foto: Ole Birger Lien/Setesdølen (6. februar 2016).

Signe Olsdotter Hovet (fødd 6. februar 1916 på Hovet i Hylestad, død 28. mai 2017 i Valle) var dotter til Olav Hansson Hovet (1866–1932) og Gyrid Jonsdotter Bjørgum (1872–1968). Ho vart døypt av prest Tønnesen i Hylestad kyrkje 12. mars 1916, og konfirmert av prest Brun 19. april 1931 same staden.

Ho var yngst i ein syskenflokk på 11, der eldstemann Hans Hovet (1896–1896) døde som barn. Sjølv vart ho aldri gift, og budde på Hovet i Valle med sine sysken Hans, Targjerd og Signe. Ho budde dei siste åra på bygdeheimen i Valle. Ho arbeidde mellom anna som sjukepleiar både i USA og i Noreg, og det var i denne sektoren ho arbeidde mesteparten av tida. På hundreårsdagen hennar i 2016 kom Steinar Kyrvestad, ordførar i Valle kommune, med telegram frå kong Harald V.

Gravferda var frå Hylestad kyrkje fredag 9. juni 2017 klokka 13.

Sysken: Hans O. Hovet (1896-1896), Gyro O. Løyland Hovet (1896-1990), Gunvor O. Sonoda Hovet (1898-1996), Anne O. Hovet (1900-1998), Gro O. Afzelius Hovet (1902-1986), Hans O. Hovet (1905-1998), Ingebjørg O. Brokke Hovet (1907-2001), Targjerd O. Hovet (1909-2003), Birgit O. Byklum Hovet (1912-2009) og Sigrid O. Glåmseter Hovet (1914-1992).

Kjelder