Sigrid Besteland: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(ikkje klar enno, meir kjeme i morgo.)
({{Hundreåringer}} - fyller i dag, og like sprek!)
Linje 25: Linje 25:
*Munnleg informasjon frå sonen Niklos K. Besteland 20. mars 2013
*Munnleg informasjon frå sonen Niklos K. Besteland 20. mars 2013
* [http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Sigrid_Besteland&oldid=128387 «Sigrid Besteland» på] ''[[Setesdalswiki]]''
* [http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Sigrid_Besteland&oldid=128387 «Sigrid Besteland» på] ''[[Setesdalswiki]]''
{{Hundreåringer}}


{{DEFAULTSORT:Besteland, Sigrid}}
{{DEFAULTSORT:Besteland, Sigrid}}

Sideversjonen fra 13. apr. 2016 kl. 14:46

Sigrid Besteland
Foto: Ole Birger Lien/Setesdølen (25. juni 2011).

Sigrid A. Besteland (fødd 13. april 1916) frå Hylestad i Valle kommune er dotter til tradisjonsberaren og spelemannen Andres Knutson Rysstad (1893–1984) og kona Helga Targjeisdotter f. Besteland (1895–1981). I 1951 vigde Sigrid med Knut Niklosson Besteland (1914–1998), son av sylvsmeden og bonden Niklos Sigurdsson Helle (1875–1935) og Anne Gunnarsdotter Straume (1879–1943).

Sigrid er det eldste av dei fem borna til Andres og Helga, og det er mykje musikk i slekta hennar. Far hennar var spelemann, nett som far sin Knut Torleivson Åkre (1861–1937) frå Valle. Andres var læremeisteren til Hallvard T. Bjørgum og far hans Torleiv. Det var og spelemannsblod på morssida, der var spelemannen Knut Jonsson Heddi. Han var onkel til Sigrid si gome på farssida, Sigrid Andresdotter Heddi.

Ho begynte tidleg å spele hardingfele, men trivdes ikkje med å tevla på kappleik, men det gjorde syster hennar Ingebjørg. Heime skal de ha hatt ei fele som ungane hadde på deling. I 1930-åra spela Sigrid konsert saman med meisterspelemannen og bureisaren Jørgen TjønnstaulRysstad, og ho fortalde at den lange mannen stod mest på kanten av scenen så ho var redd han skulle bikka over og detta ned. Når ho ikkje spela var ho i teneste fleire stader i og rundt Kristiansand. Ein periode arbeidde Sigrid og på Vallarheim Turiststasjon.

Spelemannen Daniel Sanden-Warg fortalde ein historie om korleis det kunne gå føre seg at Sigrid lærde meir om felespel av grandonkelen:

Hu va jo deir oppe [på heia] som budeie i ungdome, som so mange aire kvende, og Knut Jonsson han hengde der oppe i lange periodar, på Rauestoyl, trur eg de heit. Å der va'an å skraiv å draiv med rjupefangst å fisje. Så de va'kje reint sjelda' at han stakk innom desse heira, buende der heile tida, budeiane å så, og fekk vel noko mate å boitte ti se graute å mjokk å forsjiligt, å spela før da te dans å so, sleike ting. Å då fortalde Sigrei atte i alle fall ai gang at han - eg trur ikkje at Sigrei lærde noko direkte av å Knut altså frå fingje, menneh ho voks opp rett inn me ståga så ongane låga der attaføre å hoyrde når han spela, Knut Jonsson å ao fairen, An-dris, som konna ailt. Så å seie, de mi vite, a reportoare 'ass Knut. Såee, da ha vel båe hu og Ingjebjør, syster-enni.

I 1951 gifta ho seg med Knut N. Besteland. Dei fekk barna Niklos K. Besteland og Helga Besteland.

Kjelder

Førstehandskjelder
Andre kjelder
  • Valle kommune, Gards- og ættesoge Hylestad, band 1, side 61, Valle kommune, 1985. ISBN 82-991334-0-8
  • Cappelens musikkleksikon. 6 : Schweitzer - Åvik: «Spelemenn» s. 131, Oslo : Cappelen, 1980 Digital versjonNettbiblioteket
  • Haugsgjerd, Sigurd: «Landskappleik med Jørgen Tjønnstaul: Sigrid (95) spela på konsert med han for 70–80 år sidan», s. 3, Setesdølen 28. juni 2011
  • Lien, Ole Birger: «-Aller mest saknar eg fela!», s. 6, Setesdølen 2015
  • Munnleg informasjon frå sonen Niklos K. Besteland 20. mars 2013
  • «Sigrid Besteland» på Setesdalswiki


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.