Hardingfele

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hardingfele laga kring 1750 av Isak Nilsson Botnen. No på Norsk Folkemuseum.
Foto: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum

Hardingfela er ei særnorsk variant av fiolin med fire overstrenger og fire eller fem understrenger eller resonansstrenger. Kroppen er som på ein vanleg europeisk fiolin, men lokket og botnen er meir kvelva, halsen er noko kortare og stolen er flatare. Truleg er opphavet den eldre fiðla og andre strengeinstrument som vart samansmelta ein gong på 1600-talet.

Den eldste hardingfele vi kjenner vart truleg laga av Ole Jonsson Jaastad frå Ullensvang. Dateringa er omstridd, men 1651 er ofte nemnt. Bland dei mest kjente tidlege felemakarane kan ein nemne Isak Nilsson Botnen (1669–1759), også kjend som Isak Skaar, og sonen Trond Isaksson Botnen (1713–72). Isak Botnen reknast ofte som oppfinnaren av hardingfela, men som vi har sett kan Ole Jaastad ha laga ei slik fele fleire år før Isak vart fødd. At ein ikkje reknar Ole Jaastad som oppfinnaren skuldast at hans fele berre hadde to understrenger, og såleis kan reknast som ein forløpar til den verkelige hardingfela. Trond Botnen skal ha laga så mange som tusen feler, og av desse er tretti til førti framleis i spelbar stand. Kring år 1700 kom hardingfela til Telemark, og her kan ein nemne felemakarar som Karl Rui og Olav Gullbekk. Frå Telemark spreidde fela seg vidare til Hallingdal og Valdres, på 1800-talet til Setesdal og frå kring 1900 til andre delar av landet.

Ein rekner gjerne at det er et trettitals ulike stemmingar på hardinfela. Bland dei mest nytta finn vi «oppstemt» (a–d¹–a¹–a²), «nedstemt» (g–d¹–a¹–e²), «trollstemt» (a–e¹–a¹–ciss²) og «gorrolaus/gorrlaus» (f–d¹–a¹–e²). Understrengane er gjerne stemt d¹–e¹–fiss¹–a¹ eller d¹–e¹–g¹–a¹. I spelet nyttar ein ofte dobbeltstrok og tostemmig spel.

Kjelder

Galleri