Sigrid Besteland

Sideversjon per 8. mar. 2016 kl. 20:20 av Harald Haugland (samtale | bidrag) (dødsår opplyst av Niklos K. Besteland)

Sigrid A. Besteland (fødd 13. april 1916) frå Hylestad i Valle kommune er dotter til tradisjonsberaren og spelemannen Andres Knutson Rysstad (1893–1984) og kona Helga Targjeisdotter f. Besteland (1895–1981). I 1951 vigde Sigrid med Knut Niklosson Besteland (1914–1998), son av sylvsmeden og bonden Niklos Sigurdsson Helle (1875–1935) og Anne Gunnarsdotter Straume (1879–1943).

Sigrid Besteland
Foto: Ole Birger Lien/Setesdølen (25. juni 2011).

Sigrid er det eldste av dei fem borna til Andres og Helga, og det er mykje musikk i slekta hennar. Far hennar var spelemann, nett som far sin Knut Torleivson Åkre frå Valle. Andres var leremesteren til Hallvard T. Bjørgum og far hans Torleiv.

Ho begynte tidleg å spele hardingfele og var med på kappleik i ungdommen, og i 1930-åra spela Sigrid konsert saman med meisterspelemannen og bureisaren Jørgen TjønnstaulRysstad. Når ho ikkje spela var ho i teneste fleire stader i og rundt Kristiansand, og på heia om sommaren. Ein periode arbeidde Sigrid og på Vallarheim Turiststasjon.

I 1951 gifta ho seg med Knut N. Besteland. Dei fekk barna Niklos K. Besteland og Helga Besteland.

Kjelder

Førstehandskjelder
Andre kjelder
  • Valle kommune I, Gards- og ættesoge Hylestad, band 1, side 61, Valle kommune, 1985. ISBN 82-991334-0-8
  • Cappelens musikkleksikon. 6 : Schweitzer - Åvik: «Spelemenn» s. 131, Oslo : Cappelen, 1980 Digital versjonNettbiblioteket
  • Haugsgjerd, Sigurd: «Landskappleik med Jørgen Tjønnstaul: Sigrid (95) spela på konsert med han for 70–80 år sidan», s. 3, Setesdølen 28. juni 2011
  • Lien, Ole Birger: «-Aller mest saknar eg fela!», s. 6, Setesdølen 2015
  • Munnleg informasjon frå sonen Niklos K. Besteland 20. mars 2013
  • «Sigrid Besteland» på Setesdalswiki