Sigrid Skarpmoen

Sideversjon per 25. nov. 2019 kl. 18:45 av Niillas4 (samtale | bidrag) (Ny side: Sigrid Gulbrandsdotter Skarpmoen (20. mars 1834 – 17. april 1935).<ref>https://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=06&mode=ko</ref> Sigrid Skarpmoen var dotter av Gulbrand Høyset.…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Sigrid Gulbrandsdotter Skarpmoen (20. mars 1834 – 17. april 1935).[1] Sigrid Skarpmoen var dotter av Gulbrand Høyset. Ho gifta seg i 1860 med Knut Arnesson Skarpmoen (1836-1922) frå Nedre Skarpmoen i Rollag. I 1865 kjøpte Arne Nedre Skarpmoen av foreldra og han og Sigrid dreiv garden fram til dei overdrog garden til einaste sonen, Arne (1861-1930) og levde som føderådsfolk på Nedre Skarpmoen etter det.[2] Det er eit tipptippoldebarn av Sigrid som eig og driv garden i dag (2019). Som gardkone hadde Sigrid ansvaret for husstell og fjøsstell på garden. I folke- og husdyrteljinga i 1865 vart det registrert sju storfe, 10 sauer, seks geiter og ein gris på garden. Det var også ein hest på garden. I 1865 budde det framleis folk med husmannskontrakt på livstid i husmannsplassen Rykkinn, men 10 år seinare stod plassen tom. Den tidlegare husmannsplassen Kleiv var skild frå som eige bruk og låg ikkje lenger under Nedre Skarpmoen.[3]

Sigrid døydde i 1935, 101 år gammal. Ho vart gravlagd på kyrkjegarden i Rollag.[4]

  1. https://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=06&mode=ko
  2. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gad og grend. Bd. 3, s. 21.
  3. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gad og grend. Bd. 3, s. 22.
  4. https://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=06&mode=ko