Sigrid Skarpmoen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
I mønsåsstova på Nedre Skarpmoen, Sigrid Skarpmoen sit ytst til høgre.

Sigrid Gulbrandsdotter Skarpmoen (fødd 20. mars 1834, død 7. april 1935)[1] var gardkone.

Ho var dotter av Gulbrand Tovsson Fløtrud (1806–1896) og Inge Knutsdotter Høyset (1805–1896). Foreldra åtte og dreiv Øvre Høyset i Veggli fram til 1860 da dei selde garden og kjøpte Søre Veggli ("Søre Prestgarden") der dei så busette seg, og dei dreiv både Nordre og Søre Veggli.[2] Sigrid gifta seg i 1860 med Knut Arnesson Skarpmoen (1836–1922) frå Nedre Skarpmoen i Rollag. I 1865 kjøpte Knut Nedre Skarpmoen av foreldra, og han og Sigrid dreiv garden fram til dei overdrog han til einaste sonen, Arne (1861–1930) og levde som føderådsfolk på Nedre Skarpmoen etter det.[3] Det er eit tipptippoldebarn av Sigrid som eig og driv garden i dag (2019).

Som gardkone hadde Sigrid ansvaret for husstell og fjøsstell på garden. I folke- og husdyrteljinga i 1865 vart det registrert ein hest, sju storfe, ti sauer, seks geiter og ein gris på garden. Vêrfar hennar, Arne Knutsson, var føderådsmann. I tillegg til familien budde det ein tenestegut og ei tenestejente på garden.[4] Det hadde vore to husmannsplassar til Nedre Skarpmoen. I 1865 budde det framleis folk med husmannskontrakt på livstid i husmannsplassen Rykkinn, men ti år seinare stod plassen tom. Den tidlegare husmannsplassen Kleiv var skild frå som eige bruk og låg ikkje lenger under Nedre Skarpmoen.[5]

Sigrid døydde i 1935, 101 år gammal. Ho vart gravlagd på kyrkjegarden i Rollag.[6]

Referansar

  1. https://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=06&mode=ko
  2. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend. Bd. 2, s. 15..
  3. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend. Bd. 3, s. 21.
  4. https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0632&kenr=002&bnr=0046&lnr=000
  5. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend. Bd. 3, s. 22.
  6. https://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=06&mode=ko

Litteratur og kjelder


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.