Skulehistorie i Askvoll

Skulehistorie i Askvoll skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Askvoll kommune si skulehistorie.

I Askvold prestegjeld vart den første skulefundasen utarbeidd i 1743. Denne gjev eit oversikt over reglar for skuleverket, som i starten fungerte som omgangsskule. Prestegjeldet var på den tida delt i fire sokn, og kvart av desse skulle ha ein eigen skulemeister. Denne læraren som reiste rundt skulle få kost og losji rundt om på gardane der han underviste. Bygdefolket hadde også plikt til å skysse lærarane mellom krinsane.

Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Oversikt over skulekrinsar

Namn på krins 1891 1896
Askvoll krins Askvold Askvold
Eide krins (Askvoll) Eide Eide
Stavenes krins Stafsnæs Stafsnæs
Mjåset krins Mjaaset Mjaaset
Holevika krins Hollevik Hollevik
Eimind krins Eimind Eimind
Høyvika krins (Askvoll) Høvik Høvik
Hærland krins Gjervik Gjervik
Gjerdvika krins Herland Herland
Leirvåg krins Lervaag Lervaag
Vilnes krins Vilnæs Vilnæs
Olset krins Olseter Olseter
Værlandet krins Furre Furre
Bulandet krins Furset Furset
Korssund Korssund
Folkestad Folkestad
Værø Værø
Bulandet Bulandet

Krinsar som var ein del av Askvoll, men som no ligg i Fjaler:

Fure krins

Furset krins

Korssundet krins

Folkestad krins

Skuleveg

Jens Stubseid, født i 1882 fortel om skulevegen "Me hadde som regel lang skuleveg. Men vegar fanst omtrent ikkje i heile prestegjeldet. Skulen gjekk på omgang, 14 dagar og 3 veker på kvar stad. Det var tre skulekrinsar, og same kvar skulen var, hadde ein minst 6 km. veg, med tresko på beina."

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Skular og elevtal

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Femårsmeldingar frå Askvoll:
    • Indberetning om Folkeskolen i Askvold (Søndfjord) for femaaret 1891-1895. Florø, N.B. Amtstidenes trykkeri
    • Beretning om Askvolds folkeskoler for femaaret 1896-1000. Florø, A. Johannesens Bog- og Akcidentstrykkeri, 1901.
  • Sogn og Fjordane I manns minne Daglegliv ved hundreårsskiftet, 1973 Sverre Myklebust (Red) Det Norske Samlaget, Oslo Tilgjengelig på Nasjonalbiblioteket

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


  Skulehistorie i Askvoll er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.