Skulehistorie i Bremanger

Skulehistorie i Bremanger skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Bremanger kommune si skulehistorie.

Oversikt over skulekrinsar

Fyrste møte i Bremanger Skolekommisjon vart halde i august 1864. På dette møtet vart prestegjeldet delt inn i 11. skulekrinsar. I tillegg vart det vedteke å skipe fire ekstraskular på følgjande "enligt beliggende Gaarde": Gåsøy, Nesje og Ånnevik, Rylandsholm, Vetvik.

1864 1891 1896
Botnane
Dalen
Frøyen
Grotle
Hauge
Husfest
Midtgulen Nordre Midtgulen
Søndre Midtgulen
Nordgulen
Novelandet
Ryland
Sørgulen Indre Sørgulen
Ytre Sørgulen

Skulekrinsar

Øyene krins

Frøyen krins

Nesje krins

Vetvika krins

Hauge krins

Dalen krins

Ryland krins

Novelandet krins

Nesbø krins

Nordgulen krins

Nordre Midtgulen krins

Syndre Midtgulen krins

Sørgulen krins

Botnane krins

Husefest krins

Skuleveg

Gerd Kleiven fortel om det kortaste skulevegen ein kan tenke seg: "Som 8-åring (i 1952) gjekk eg i 2. klasse i Førde krins i Bremanger. Skulehuset var for lite til alle klassetrinna. Dette året var det to-delt skule. Elevane i 1. og fire av oss som gjekk 2. skuleår fekk klasserom i kjellarstova heime. Då var søster mi, Ragnhild, som var førsteklassing, og meg i den heldige situasjonen at vi gjekk ned ei trapp og inn ei dør så var vi i klasserommet! [...] Dei andre gjekk ut på skulevegen og heim. Søster mi og eg gjekk oppatt trappa og inn på kjøkkenet der mor venta med middagen."

Gerd Kleiven fortel òg om eit besøk på skulen til søskenbarna i Smørhamn, Øyene krins, då ho var 5-6 år: "Ein dag var eg så heldig at eg fekk bli med syskenbarna mine på skulen som då låg i Smørhamn i Øyane krins. Det var slik at på grunn av fåe elevar, blei alle frå 1. til 7. årskull samla. Det var skule i to veker og to veker fri gjennom skuleåret. Lærarinna hadde også undervisning i småskulen i Midtgulen dei to andre vekene. Er blitt fortalt at ho heiter Karen Eliassen, var 19 år den gangen frå Bergen. Er nå over 90 år. [...] I robåten var to par årar. Gunvald sat fremst med eit par. På tofta bak han sat Bjørg og Svanhild med kvar si år. Eg sat i bakskuten (bak i båten). Vinden var sterk og sjøen veldig «rufsete». Bølgene var høge som hus, syntes eg. Jentene som budde på Hamrøya kom i eigen båt. Det var så høge bølger at når båtane kom ned i ein bølgedal såg vi ikkje nabobåten igjen. Eg syns det var litt skummelt og veldig spennande, men kan ikkje hugse at eg var redd. Redningsvestar visste vi ingenting om, heller ikkje noko som heitte livbelte. Vi slapp heldigvis regn den dagen. [...] Heimturen gjekk fint i det same vindfulle veret. For meg som lita jente var dette ein spennande dag. For dei andre var det vanleg at dei måtte ro fram og tilbake kvar skuledag. Før dei var store nok til å ro sjølve, var det anten mor eller far som skyssa dei fram og henta dei att når skuledagen var slutt. Dette er nå ein mannsalder sidan. Desse øyane har fått vegsamband både til Kalvåg og Bremanger og folka som bur der er oppdaterte på alle måtar i tida vi nå har. Tenker mykje på korleis det måtte vere for foreldra som måtte sende barna på slik ein skuleveg i all slags ver og vind."

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Skular og elevtal

Fram til 1860 var all skule i Bremanger omgangsskule. Det fyrste skulehuset vart reist på Frøyen og teke i bruk i desember 1863.

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Bremanger Sogelag, 1966 Bremanger herad 1866-1966 Eit hundreårsskrift ss 59-79
  • Femårsmeldingar for Bremanger kommune. Arkivert hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
  • "Skule- Ola fortel Utdrag av ein sjølv-biografi" Jul i Sunnfjord 1976, tilgjengelig på Nationalbiblioteket

Digitale kjelder

Skular i Bremanger -Allkunne

Ikkje-prenta kjelder


  Skulehistorie i Bremanger er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.