Skulehistorie i Stryn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Skulehistorie i Stryn skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Stryn kommune si skulehistorie.

Skulekrinsar

Innvik

1842 1861/62
Utvik/Tistam/Rand Rand
Innvik Tistam
Oldedalen Utvik
Olden Lyslo (m/Frøhol og Aarholen)
Faleide Langved
Blakset/Sølvberg Oldedalen
Sunde
Eide
Avlein
Muri
Skarstein (m/Agjeld)
Rake
Faleide
Sindre
Rødberg
Blakset
Sølvberg

Stryn

1842 1861/62
Ytreeide/Storesunde Bergsida og Markane
Tonning/Bergsida/Markane Tonning
Loen/Lodalen Ytreeide
Strandsida Storesunde
Erdal/Flo/Fure Fure og Dispen
Hjelledalen Strandsida
Erdal
Hjelle
Grov
Flo
Loen
Bødal og Strandene (Frå 1867 Lodalen)

Skulehus

Innvik

Innvik var ein skulekrins fram til 1861, men vart så delt i to krinsar, Langved og Lyslo. Allereie i 1834 kom det første skulehuset på Klokkargarden. Det vart først bygd skulehus ved sjøen på Presetagarden si tomt ved det som no heiter Sydneskrysset. Dette stod ferdig i 1846. I 1863 vart det bygd skulehus både i Langved krins og i Lyslo krins. Etter at krinsane vart slegne saman igjen kom eit nytt, felles skulehus på Labakken i 1896. Etter krigen var det igjen behov for nytt skulebygg, og dette stod klart i 1957. I 1986 kom eit nytt tilbygg til skulen.

Klokkarbakken

  • Byggeår:
  • Fungerte som skule: 1834-1846
  • Anna bruksområde: Dette gamle huset på Klokkkarbakken vart kjøpt av prest Cammermeyer og kapellanane og gitt til bygda for å fungere som skulehus.

Gamle Innvik skule

  • Byggeår: 1845/46
  • Fungerte som skule: 1845-1863
  • Anna bruksområde: Lærar og kyrkjesongar Mons Sydnes tok i bruk huset som bustadhus. Han kjøpte huset i 1870, og det var i familien si eige fram til 1986 då det vart flytta til Nordfjord folkemuseumSandane.

Langved skule

  • Byggeår: 1863
  • Fungerte som skule: 1863-1896
  • Anna bruksområde:

Lyslo skule

  • Byggeår: 1863
  • Fungerte som skule: 1863-1896
  • Anna bruksområde:

Innvik skule

  • Byggeår: 1957
  • Fungerte som skule: 1957-
  • Anna bruksområde:

Utvik

Gamleskulen i Utvik

61.806228° N 6.520375° Ø

  • Byggeår: 1860-talet.
  • Fungerte som skule: ca 1860-1920
  • Anna bruksområde:Vart rive i 1920 for å gi rom til nyeskulen.

Nyeskulen i Utvik

61.806309° N 6.520611° Ø

  • Byggeår: 1920
  • Fungerte som skule: 1920-
  • Anna bruksområde:

Tistam skule

  • Byggeår: 1904
  • Fungerte som skule: 1904-1962
  • Anna bruksområde: Tistam grendalag tok over skulehuset frå 1965.

Rand skule

Gamle Rand skule

  • Byggeår: 1882
  • Fungerte som skule: 1882-1976
  • Anna bruksområde: I privat eige

Rand skule og barnehage

  • Byggeår: 1976
  • Fungerte som skule: 1976-d.d.
  • Anna bruksområde: Har gymnastikksal, grendahus og barnehage.

Fjelli skule (Fjelli/Sølvberg krins)

Gamleskulestova i Jevnlid

  • Byggeår: ?
  • Fungerte som skule: 1905-1928
  • Anna bruksområde: Gamlestova på garden Jevnlid var leigd ut som skulehus. Vart seld til ein busetjar på Ulvedal i 1929 for kr 725

====Nyeskulestova i Fjelli

  • Byggeår: 1928
  • Fungerte som skule: 1928-1986
  • Anna bruksområde: Skulehuset vart rive i 1986

Nye Fjelli skule

  • Byggeår: 1986
  • Fungerte som skule: 1986-1993
  • Anna bruksområde: Skulehuset brann til grunnen i 1994.

Blakset

Gamle Blakset skule

  • Byggeår: 1892/93
  • Fungerte som skule: 1893-
  • Anna bruksområde:

Nye Blakset skule (Nordsida skule og barnehage)=

  • Byggeår: 1961
  • Fungerte som skule: 1961-
  • Anna bruksområde:

Oldedalen

Gamleskulen i Oldedalen

  • Byggeår: 1884
  • Fungerte som skule: 1884-1951
  • Anna bruksområde:

Nyeskulen i Oldedalen

  • Byggeår: 1951
  • Fungerte som skule: 1951-
  • Anna bruksområde:

Sunde skule

  • Byggeår: 1924
  • Fungerte som skule: 1924-1992
  • Anna bruksområde: Berre småskule etter 1978/79.

Eide skule

  • Byggeår: 1911
  • Fungerte som skule: 1911-1967
  • Anna bruksområde: Grendahus etter 1967

Brynestad skule

  • Byggeår: 1880
  • Fungerte som skule: 1880-1934
  • Anna bruksområde: Vart flytta til Sjøatunet i 1935. Er no vekke.

Skarstein

  • Byggeår: Slutten av 1800-talet
  • Fungerte som skule: Frå slutten av 1800-talet fram til 1934
  • Anna bruksområde:

Olden

Gamle Olden skule

  • Byggeår: 1934
  • Fungerte som skule: 1934-
  • Anna bruksområde: Fungerte som småskule nokre år på 70-talet. Bondekvinnelaget har nytta huset.

Olden skule

  • Byggeår: 1966/67
  • Fungerte som skule: 1967-
  • Anna bruksområde:Ungdomsskule frå 1970.

Faleide skule

  • Byggeår: 1866
  • Fungerte som skule: 1866-1967
  • Anna bruksområde: Huset var flytta og bygd på i 1928. Bustadhus etter 1967. Skulemuseum frå omlag 1991.

Sindre skule

  • Byggeår: 1863
  • Fungerte som skule: 1863-1878
  • Anna bruksområde: Skulehuset vart seld til Lødemel krins. Det var rive og køyrd til Lødemel og sett opp igjen der. I 1952 var huset seld på auksjon, rive og tømmeret vart brukt til eit hus i Volda.

Bergsida skule

  • Byggeår: 1887
  • Fungerte som skule: 1887-1963
  • Anna bruksområde: Grendahus, hesteskule mm.


Grov skule

  • Byggeår: 1885
  • Fungerte som skule: 1885-1975
  • Anna bruksområde: Skulehuset og tomta gjekk tilbake til garden. SKulehuset vart ei tid på 80-talet nytta av Folven Metallstøperi. Fungerer no som feriehus.

Hjelle

Gamle Hjelle skule

  • Byggeår: 1882
  • Fungerte som skule: 1882-1975
  • Anna bruksområde:

Oppstryn skule og barnehage

  • Byggeår: 1975
  • Fungerte som skule: 1975-dd
  • Anna bruksområde: BArnehage

Erdal skule

  • Byggeår: 1901
  • Fungerte som skule: 1902-1975
  • Anna bruksområde: Grendahus

Strandsida

Gamle Strandsida skule

  • Byggeår: 1879
  • Fungerte som skule: 1879-1939
  • Anna bruksområde:

Nye Strandsida skule

  • Byggeår: 1939
  • Fungerte som skule: 1939-1992
  • Anna bruksområde:

Dispen skule

  • Byggeår: 1934/35
  • Fungerte som skule: 1935-1976
  • Anna bruksområde:

Flo skule

  • Byggeår: 1908
  • Fungerte som skule: 1908-1992
  • Anna bruksområde:

Veslebygda skule

  • Byggeår: 1910
  • Fungerte som skule: 1911-1961
  • Anna bruksområde:

Storesunde

Tenden skule]

  • Byggeår: 1887
  • Fungerte som skule: 1888-1976
  • Anna bruksområde: Fritidshus i privat eige.

Nye Storesunde skule

  • Byggeår: 1975/76
  • Fungerte som skule: 1976-dd
  • Anna bruksområde:

Ytreeide

Solheim skule

  • Byggeår: 1877
  • Fungerte som skule: 1878-1969
  • Anna bruksområde: Riven i 1969. Verkstad og servicebygg på skuletomta.

Bødal skule

  • Byggeår: 1930
  • Fungerte som skule: 1930-1936
  • Anna bruksområde: Skulueshuset vart teken av flodbåra i Lodalsulukka i 1936. Læraren og kona omkom.

Loen

Første skulehuset i Loen

  • Byggeår: 1883
  • Fungerte som skule: 1883-1936
  • Anna bruksområde: Brukt som likstove etter Lodalsulykka i 1936. Ikkje brukt til skulehus igjen etter dette. Skulen heldt til i ungdomshuset fram til 1941

Gamle Loen skule

  • Byggeår: 1941
  • Fungerte som skule: 1941-1992
  • Anna bruksområde: Vart brent ned i brannøving i 1996.

Loen skule

  • Byggeår: 1992
  • Fungerte som skule: 1992-dd
  • Anna bruksområde: Barnehage

Rake skule]]

  • Byggeår: 1908
  • Fungerte som skule: 1908-1988
  • Anna bruksområde:


Skulekrinsar utan eige skulehus

Holen krins

I Holen krins var det omgangskule fram til 1917. Etter dette var det fastskule i ein del av våningshuset på Holen frå 1917 til 1935.

Sindre krins

Skulen i Sindre krins var lagt ned i 1878. Etter dette gjekk borna først på skule i nabokrinsane. I 1924 vart Sindre skule etablert på nytt, men då utan eige skulehus. Det var halde skule først i hovudhuset så i stabburet på garden Flore fram til og med skuleåret 1949/50.

Markane krins

Markane krins vart etter 1842 del mellom tre kommunar: Stryn kommune, Innvik kommune og Hornindal kommune. Delar av Markane gjekk inn i Sindre krins etter 1961. I Nord-Markane var det omgangsskule heilt fram til 1929 som rullerte mellom seks ulike gardar. Ingen annan stad i landet hadde dei omgangsskule så lenge.

Frå 1930 vart det halde skule på ungdomshuset Skogstjerna. Etter kvart vart det sett opp brakker bak ungdomshuset for å huse fleire klasserom og lærarrom.

Markane skule vart lagt ned sommaren 1996, og elevane vart overførde til Tonning skule.

Skuleveg

Lærarar

Skular og elevtal

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder