Gamle Rand skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamle Rand skule
Foto: Chell Hill/Wikimedia

Gamle Rand skule var det første skulehuset i Rand krins i Stryn kommune (tidlegare Innvik kommune). Huset står framleis i Randabygda i Skrede, på nordsida av Innvikfjorden.

Skulehuset

På 1880-talet vart det bestemt at det skulle byggast skule i Randabygda, og Rand skule vart plassert slik at det skulle vere kortast mogeleg for ytterkantane i bygda. Det vart målt frå Hoplandstunet, Aalandstunet og Tvinnereimstunet, og Skrede låg omlag midt mellom desse ytterkantane.

Skulehuset vart bygd av tømmer frå Randaskogane. I 1879 bles mykje av skogen ned i ein spesielt kraftig hauststorm, og dette tømmeret vart frakta den lange vegen over Holmøyskaret med hest og slede på dugnad.

Gamle Rand skule hadde eit skulerom, eit kammers, ein gang, grovkjellar og loft. Kammerset var i tid brukt som lærarbustad, og seinare til utstyrsrom. Kjellaren var liten og med jordgolv og vart brukt til lagerrom for ved. Skulerommet var stort og lyst med heile seks store vindauge. Det var ikkje innlagt vatn i huset, og dei brukte oljelamper fram til 1928 då det vart lagt inn elektrisk lys. Skulen var utstyrt med ein stor omn, dobbeltpultar, eit høgt skap for bøker og utstyr, nokre kart og ei veggtavle.

Ute var det frå starten av utedo og ein liten leikeplass. Utedoen vart seinare utvida, og skuleplassen vart utvida to gonger, sist i 1940-åra. Huset vart forbetra mange gonger. I 1923 vart torvtaket bytt ut med skifertak. I 1929 vart det skote ut plass til ein brukbar kjellar med rom og kjøkken. Denne vart brukt til gymnastikk, basar, dans og andre arrangement. I 1959 vart skulen tredelt, og ein tok ut veggen mellom kammerset og gangen for å få eit lite skulerom til.

Gamle Rand skule var i bruk til 26. november 1979 då ein flytta inn i nytt skulehus på Bakkesvadet, eit par hundre meter lenger vest. Skulehuset er no (2010-åra) i privat eige og fungerer som fritidsbustad.

Lærarar ved Gamle Rand skule

Kjelder og litteratur

Koordinater: 61.865813° N 6.329206° Ø