Språkskiftet til nynorsk i Lom

Språkskiftet til nynorsk i Lom skjedde tidleg. Som den fyrste bygda på Austlandet vart det innført landsmål som skulemål i alle krinsane i 1899. Det hadde nær samanheng med Christopher Bruun og den blomstrande norskdomsrørsla som han hadde fått i stand i Gudbrandsdalen i siste tredelen av 1800-talet. Fleire av dei som rydda grunnen og stilte seg i spissen for språkskiftet i Lom, hadde sjølve vore elevar av Bruun på folkehøgskulen hans i Sel og/eller i Gausdal. Andre hadde i barneskulealderen gått på Andreas Austlid sin friskule på Ofigsbø i 1870-åra, som var ein avleggjar av Bruuns folkehøgskule.

Arbeidarrørsla, som i dei andre Gudbrandsdals-bygdene hadde verka i positiv lei for nynorsksaka, var ikkje på banen enno i denne pionerbygda for norskdomen. Men Arbeidarpartiet hadde fått dess større innverknad da nynorsken vart innført i kyrkja og kommuneadministrasjonen i 1930-åra, sterkt forseinka i høve til skulemålet.

Vedtaket om skulemålet

Den personen som kom til å bety mest for dei konkrete tiltaka som skulle til, var Erik Rudser, ein ung og nokså nytilsett lærar og kyrkjesongar i hovudsoknet i Lom (frå 1894). Han vart formann i skulestyret snart etter at han hadde teke til i stillinga. Under hans leiing vart det altså med eitt slag teke avgjerd om landsmål som hovudmål i alle skulekrinsane i 1899.

Det skal på førehand vore krinsmøte «bygda rundt», og i følgje M. Høgåsen, som nemner dette,[1] var det «eit trygt fleirtal for nynorsken». (Det herskar litt tvil om tidspunktet for vedtaket. Somme stader er det nemnt 1898, og dette låg til grunn for utnemninga av Erik Rudser som æresmedlem i Dølaringen den 22. august 1948.)

Skuleelevane og bygdefolket var ikkje heilt ubudde på språkskiftet. Allereie i 1887 hadde skulestyret gjort vedtak om å kjøpe inn Andreas Austlids nynorske ABC og lesebok, men soknepresten hadde trenert dette. Så gjorde heradsstyret vedtak om det same, og frå 1891 var desse lærebøkene i bruk.[2]

Pionerar og pådrivarar frå bygdeeliten

Austlid fortel i sine livsminne om skuledagane hjå Christopher Bruun på Romundgard i Sel. Han nemner ei rad framståande folk blant elevar og lærarar, og tek ikkje så lite i når han mellom anna skriv følgjande:

«Det var Loms-gutane Hallvard og Eilev Ofigsbø, Olav Aukrust (1851-1931)Olav Aukrust [den eldre, wiki-merknad]og Rasmus Nordal – dei saag ikkje so grome ut den gongen; men sidan har dei styrt bygda, og gjort Lom til den norskaste bygd i Noreg.»

Det er liten tvil om at desse namna representerte bygdeeliten – sosialt, politisk kanskje også kulturelt -, iallfall om ein ser bort frå det ørvesle kondisjonerte miljøet av prest, doktor, lensmann og nokre få andre. Da Austlid og Hallvard Ofigsbø starta friskulen i Lom, fekk dei også heilhjarta støtte av ein eldre generasjon bygdeleiarar, som Hallvards far bonden Halvor Ofigsbø, bonden, læraren og ordføraren Ola Gudbrandsen Kvåle (Vekkje-Kvålen), skulemeister, handverkar og bonde Eirik Rusten.

I jubileumsomtalen sin om Erik Rudser ramsar M. Høgåsen opp nokre av dei same namna når han skal vise kven som gjekk i bresjen for målfolket, men har også med fleire yngre: «Menn som ordførar Rasmus Nordal, Olav Aukrust d.e., Hallvard Holm, Hallvard Ofigsbø, Olav Øygard, Syver Marstein, Gregor Kvåle, Jehans Flatmo og Eilev Nyrnes var heilhuga målmenn alle saman.» Ikkje alle desse var rett nok storbønder om dei var gardbrukarar. Og iallfall Halvard Holm og Olav Øygard var lærarar med mindre gardsbruk attåt.

Halvard Holm og broren Lars Holm var forresten dei einaste vestlandslærarane som kan påpeikast som pådrivarar for målsaka i Lom så tidleg. Dei var komne frå Veøy, og særleg Halvard ser ut til å ha gjort seg sterkt gjeldande som nynorskforkjempar, mellom anna som rapportør til Den 17de Mai. Han vart seinare ordførar i Lom.[3]

Lom mållag vart skipa same året som nynorsken vart innført i skulane, 1899. Men allereie i 1870 hadde Loms-gutane som hadde gått hjå Christopher Bruun på Sel eit ungdomslag som også vart oppfatta som eit mållag.[4] At det var god grunn til å rekne det som mållag, blir stadfesta ved at dei melde seg inn i Vestmannalaget, under leiing av «Halvor Offigsbø», som mest truleg var Hallvard og ikkje faren Halvor.

Motstanden

Riksmålssaka er lite belyst i det gjennomgådde kjeldematerialet. Det er likevel liten tvil om at mostanden mot språkskiftet ikkje var ubetydeleg. Ein indikator er at det i 1903 kom opp i skulestyret ein diskusjon om «Landsmaalets fortsatte Brug i Skolen», utan at det vart til noko meir.[5]


Referansar

  1. Høgåsen, M. 1948 side 162.
  2. Hovdans protokoll side xxx og 640.
  3. Bygdabok for Lom bd. 3 side571.
  4. Hovdan-protokollen side xxx
  5. Myhren, Johs. 1989 side 12.