Erik Rudser

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Rudser.
Foto: Ukjent

Erik Johannessen Rudser (fødd i Skjåk 17. desember 1867, død i Lom 25. august 1949) var lærar og kyrkjesongar i Lom hovudsokn i meir enn ein mannsalder. Han var ein oppglødd norskdomsforkjempar, og som skulestyreformann fekk han mykje å seie for språkskiftet til nynorsk i Lom.

Familie

Han var fødd på garden Nistun Russar på Ramstadstronda i Skjåk, der foreldra var brukarar. Faren var Johannes Gregoriussen (1830-1907). Mora Marit Erlandsdotter (fødd 1834) var frå Kvåle i Skjåk. Erik var den sjette av i alt ni born.

Erik Rudser var gift med Marit Amundsdotter Elvesæter (1875-1945) frå Bøverdalen i Lom. Dei vart gift i Ålesund, men både to er ført som busett i Lom.[1] Dei fekk i alt seks born, men ei jente, Anne, døydde som spedbarn og ein gut, Kjartan, døydde som tolvåring. Dei fire sønene som voks opp, fekk alle høgare utdanning:

Johannes (1895-1955) var teolog og lektor.
Åmund (1899-1966) var sivilingeniør.
Erling (1903-1975) var krigsskuleutdanna offiser.
Sverre (1910-1984) var tannlækjar.

Utdanning og yrkesgjerning

Det er uvisst kor mykje allmennskule Erik hadde ut over folkeskulen. Han kan ha gått framhaldsskule som det var tilbod om i Skjåk i hans oppvekst, kanskje også amtsskule. I alle høve tok han lærareksamen på Hamar seminar i 1888. Han hadde statens reisestipend for lærarar i 1900, 1903 og 1913.

Rett etter avslutta lærarskule fekk han post som lærar og kyrkjesongar i Galde krins i Bøverdalen, der han verka til 1894. Da vart han tilsett i stillinga som lærar i folkeskulen i hovudbygda i Lom og kyrkjesongar ved Lom kyrkje. Den stillinga hadde han til han gjekk av for aldersgrensa i 1937.

Attåt lærargjerninga dreiv dei garden som følgde med stillinga, Klokkargarden Ulstad i Lom sentrum. Han interesserte seg for gardsdrifta, og fekk Norsk bonde- og småbrukarlags diplom for jordbruket sitt.

Da han vart pensjonist, kjøpte han og kona ein del av Klokkargarden og bygde seg heimen som dei kalla Audulvstad.

Samfunnsengasjement

Kort tid etter at han vart tilsett i Lom hovudsokn, kom Rudser inn i skulestyret som lærarane sin representant. Han sat i styret i 34 år, derav 11 år som formann og 12 som nestformann. Han var formann i 1899 da det vart gjort vedtak om innføring av landsmålet som hovudmål i alle skulekrinsane i bygda. For innsatsen på dette feltet vart han utnemnd som det fyrste æresmedlemmet i den regionale målsamskipnaden Dølaringen i 1948.

Av andre offentlege verv kan nemnast at han var formann i bustadbanknemnda, medlem og ei tid formann i Lom sokneråd, i forstandarskapet og kontrollnemnda i sparebanken med meir. Han gjorde mykje for å byggje opp bibliotekstellet i Lom.

Han var også sterkt oppteken av frivillig organisasjonsarbeid på ymse felt. Han stod i skyttarlaget, og han gjorde ein innsats i den frilynte ungdomsrørsla og i fråhaldsarbeid (IOGT). Hans interesse for jordbruk og for småbrukarane sine kår gjorde det naturleg å slutte seg til småbrukarlaget.

Referansar

  1. Erik Johannes Rudser i Ministerialbok for Ålesund prestegjeld 1894-1903 fra Digitalarkivet.

Kjelder og litteratur

  • Høgåsen, Martinus: «Erik Rudser. Fyrste æresmedlem i Dølaringen», i Årbok for Gudbrandsdalen 1948.
  • Kolden, Jon (redaktør Kjelland, Arnfinn): Bygdabok for Lom bd. 3. Gards- og ættesoge for Fossbergom, Nesgrendi og Nedre Bøverdalen. Lom 2005.
  • Kvåle, Olav: «Minneord om Erik Rudser», i Årbok for Gudbrandsdalen 1949.
  • Ættebok for Skjåk bd. I, Skjåk historielag 1946, side 204-205.
  • Erik Rudser i Historisk befolkningsregister.