Sunde krins (Jølster)
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.
Sunde krins er ein skulekrins i Jølster kommune i Sunnfjord. Undersvisning på Sunde høyrer man først om i skuleprotokollen frå 1836. På dette tidspunktet var det omgangskule og borna blei undervist i private husstandar på garden. Mot slutten av 1800-tallet blei Sunde ein eigen krins, og den gamle rode ordninga bortfalt.
Læraren på Sunde måtte også undervise i Sygnesand Krins. Dette blei avslutta i 1916/1917, då Sygnesand blei avskilt frå Sunde og fekk sin eigen lærar.
Skulen var fram til 1960 to-delt. I perioden 1880 - 1930 var det i gjennomsnitt 28 elevar kvart år. Det var ein gradvis nedgang i elevtalet utover 1900-talet, og i perioden 1930-1960 var det 19 elevar i gjennomsnitt kvart år.
Sunde krins blei nedlagt på slutten i 1970 og borna vart overført til den nye sentralskulen på Skei. Årsaka til at krinsa ikkje blei nedlagt tidligare, var fordi dei venta på at brusambandet over Kjøsnesfjorden skulle bli ferdig.
Skulehus
Eit skulehus var trulig bygt på 1890-tallet.
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Møkelbust | O.J | Sunde | 1836 | 1840? | |||
Christensen | Ole | Sunde | 1855 | 1858? | |||
Olsen | Daniel | Sunde | 1859 | 1860? | |||
Ellasson Fond | Anton | 1866 | Sunde og Sygnesand | 1888 | 1893 | Stord 1887 | |
Fossheim | Elias | 1846 | Sunde og Sygnesand | 1894,1903 | 1897,1912 | Utdanning Balestrand 1867 og Stord 1870 | Var lærar i to perioder i krinsa: 1894-1897 og 1903-1912 |
Øgaard | Andreas | 1872 | Sunde og Sygnesand | 1897 | 1902 | Volden 1887 | |
Andersson Klakegg | Johannes | 1887 | Sunde og Sygnesand | 1912 | 1916 | Volda 1911 | |
Klakegg | Kristine | 1897 | Sunde | 1919 | 1922 | Volda 1919 | |
Samuelsen Helgheim | Johannes | 1900 | Sunde | 1923 | 1960 | Volda 1923 | |
Hatløy | Kjellaug | Sunde | 1962 | 1964 | |||
Henriksen | Anne-Brit | Sunde | 1964 | 1965 | |||
Sunde? Lien | Siv | Sunde | 1965 | 1966 | |||
Sandvik | Judith | Sunde | 1966 | 1967 | |||
Alvestad | Inger | Sunde | 1967 | 1968 | |||
Stubhaug | Marit | Sunde | 1968 | 1969 | |||
Sægrov | Laila | Sunde | 1969 | 1970 |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Espeland, Arne: Norske skulefolk. Stavanger, Dreyer (1934)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 1. Stavanger, Dreyer (1952)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 2. Stavanger, Dreyer (1952)
- Femårsmeldingar frå 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Dagbok for Sunde og Sygnesand 1880-1903
- Dagbok for Sunde og Sygnesand 1903-1943
- Dagbok for Sunde og Skei 1943-1971
- Dagbok for Sunde 1962-1971
- Karakterprotokoll for Gjesdal, Myklebust og Sandal 1833-1860
- Karakterprotokoll for Sunde og Sygnessand 1897-1960
- Karakterprotokoll for Sunde 1962-1970