Skulehistorie i Jølster

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulehistorie i Jølster skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå tidlegare Jølster kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Siste tiåret av 1800-talet besto styret i skulekrinsen av ni kommunevalde medlemmar samt sognepresten, ordføraren og ein representant frå lærarane.

Oversikt over skulekrinsar

Før 1890 1891 1896 1898 1901 1947 50-talet 1960 1964 1968 1969 1970 1972
Eikaas Eikaas Eikaas Eikaas Eikaas Eikaas Eikaas Eikaas Eikaas Vassenden Vassenden Vassenden Vassenden
Fluge Fluge Fluge
Gjesdal Gjesdal Gjesdal Gjesdal Gjesdal Gjesdal Gjesdal Gjesdal Gjesdal
Svidal Svidal Svidal Aalhus Aalhus Aalhus Aalhus Aalhus Aalhus
Aalhus Aalhus Aalhus
Sandal Sandal Sandal Sandal Sandal Sandal Sandal Sandal Sandal
Myklebust Myklebust Myklebust Myklebust Myklebust
Dalen Dalen Dalen Dalen Dalen Sunde Skei Skei
Sunde Sunde Sunde Sunde Sunde Sunde Sunde Sunde Sunde Sunde
Vikens Vikens Vikens Vikens Vikens Vikens Vikens Skei Skei Skei Skei
Skrede
Søgnesand Søgnesand Søgnesand Søgnesand Søgnesand
Veiteberg Veiteberg Veiteberg Veiteberg Veiteberg Veiteberg Veiteberg
Klakeg Klakeg Klakeg Klakeg Klakeg Klakeg Klakeg
Hegheim Hegheim Hegheim Hegheim Hegheim
(Førde i Breim kommune før 1964) Førde
Navnløs (Haugen) Navnløs (Haugen) Aamodt Aamodt Aamodt Aamodt Aamodt Aamodt Aamodt Aamodt Aamodt Aamodt
Navnløs (Haugen) Navnløs (Haugen) Aardal Aardal Aardal Aardal Aardal Aardal Aardal Aardal Årdal Årdal
Helgheim Helgheim Helgheim
Hammer

Skulekrinsar

Det var i 1895 skulehus i 13 av dei 15 krinsane. Desse skulehusa var omtrent like store - 6x6x3 meter - med eit klasserom og eit kammers til læraren. Skulehusa i Helgheim og Aalhus var noko mindre, og i Gjesdal, Svidal og Søgnesand leigde dei lokale på gardane.

Skuleveg

Ifølgje Plan for folkeskularne i Jølster 1913 kunne skular med 20 eller fleire elevar, kor skulevegen var "lang og mødsam" delast så at barna i storskulen var i ei klasse, medan småskulen kunne delast i mindre klassar med kvar sine skulestadar.

Skuledagen

Skuleåret vart i 1913 rekna frå 1. april til 31. mars. Nye elevar vart tekene opp i skulen i starten av året. Sist i skuleåret var det opp til læraren å avgjere kven av elevane som skulle oppflyttast i høgare klasser. Det vert held ei årsprøve på slutten av skuleåret for dei fleste elevane, og ei avgangsprøve for dei elevane som var ferdige med skulen. Skuledagen skulle etter Plan for folkeskularne i Jølster 1913 starte med bøn og salmesong. Fråvær måtte noterast av lærar. I planen står det også at "borni skal hava viss plass i skulen, og gutar og gjentor maa ikkje sitja um einannan. Dei maa sitja sømeleg, og soleis at dei ikkje fær mein av det". Barna skulle ha 5-10 min. pause mellom kvar time, og ein timeslang pause etter tre timar skule. "Likamleg refsing" var berre tillet i dei krinsane kor dette var vedteke.

Opplæringa

I Plan for folkeskularne i Jølster 1913 er målet for opplæringa sagt å vere "aa hjelpe barnet fram til fullt medvitande kristenliv og til aa verta gode og dugande samfundslemer." Det verkar riktignok ikkje som heile befolkning dela oppfattinga av dette undervisingsmålet, då det i Femårsmeldinga for folkeskulen i Jølster 1891-1895 bemerkast at ein hev eit problem med å halde borna i skulen etter konfirmasjonen. Dette fordi folk flest ansåg konfirmasjonen som målet for undervisninga, og dermed ikkje såg behov for meir skulegong sjølv om elevane ikkje naudsyntvis hadde lært alt dei skulle.

Det vart undervist i kristendom, norsk, soga, landkunna, rekning, skrivning og song. Det var også opplæring i teikning, handarbeid (sløyd for gutar og saum for jentar).

Timedeilingi (1913)
Læregreinen Ukløyvd skule 2 kløyvd skule 3 kløyvd skule 4 kløyvd skule
1stre deild 2dre deild 1ste deild

1ste klasse

2dre deild

2dre klasse

1ste deild

1ste klasse

2dre deild

2dre klasse

2 deild

3die klasse

1ste deild

1ste klasse

2dre deild

2dre klasse

2dre deild

3die klasse

2dre deild

4de klasse

Kristendom 6 6 6 6 6 6 6 6 6 6 6
Norsk 9 11 9 12 9 11 12 8 8 7 7
Soga 1 2 1 2 1 2 2 1 2 3 3
Landkunna 1 2 1 2 1 2 2 1 2 3 3
Rekning 5 6 5 7 5 6 7 6 6 6 6
Skriving 5 3 5 1 5 3 1 5 4 2 2
Teikning 2 2 2 2 2 2
Handarbeide 3 3
Kropsøving 1 1
Song 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2
Timetal for vika 30 36 30 36 30 36 36 30 30 36 36

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
E. Fosheim 1846 1867 Balestrand og Stord Kyrkjesonger
Ole O. Viken 1848 1870 Balestrand
Anton Fond 1866 Sunde

Søgnesand

Helgheim

1888 Stord Lærar i Sunde og Søgnesand 1888-1893.
Johan fredrik Skram 1861 1998 1891 Stord
Ludv. Fugle 1860 1880 Balestrand
Anders Markussen Kvamme 1867 1890 1891 Stord
Martinius Dvergsdal 1863 Klakegg 1891 1916 Stord
L. Indrebø 1864 1891 Stord Kyrkjesongar
Johannes Fossheim 1867 1893 Hamar Vikar 1889-91. Lærar i Jølster i fleire periodar.
Andreas Eide 1874 1895 Stord
Andreas Høisæth 1873 1895 Hamar
A. Remme 1874 1895 Efterstøl
A. Fossen 1858 1898 Balestrand Ansatt i folkeskulen frå 1878. Kyrkjesongar.
A. Øgaard 1872 1887 1902 Volden Ulike kjelder ikkje einige om oppstartsår: enten 1897 eller 1887.
L. Berild 1856 1899 Tromsø Kyrkjesongar
S. Øgaard 1874 1899 1900(?) Volden Flyttet til Stavanger amt 1900
Johan Olson Rognebakke 1872 Eikås 1899 Volda
J. Aalhus 1880 1900 Elverum
Anders R. Myklebust 1877 Vikar i Breim og Jølster mellom 1901-1906
Sigurd Heggheim 1991 Viken 1907 Volda Sønn av lærar Sjur Bendiksen.
Ivar Glomnes 1884 Ålhus

Framhaldsskulen

1908 1909 Volda
Johannes Leiro 1885 Folkeskulen

Framhaldsskulen

1909 1910 Stord
Nils Fitje 1889 1912 1912 Stord Seinare lærar i Vevring, Sjuk og Søreide
Johannes Andersson Klakegg 1887 Sunde

Søgnesand

Klakegg

1912 1957 Volda Lærar i Sunde og Søgnesand 1912-16, sidan Klakegg.
Samuel Sandnes 1890 Ålhus 1912 1914 Volda
Per Olai Åland 1891 1913 1917 Volda
Hermund Thune 1891 Ålhus 1914
Peder Aaland 1891 Volda Lærar i Jølster i 3,5 år.
Birgitta Strand Fløtra 1888 1915 1915 Volda Vikar.
Nils Skutle 1894 1915 1916 Kristiansand Kordirigent og musikklærar.
Andreas Hamar 1892 Sandal

Gjesdal

1916 Volda Lærar i Vevring 1914-16, Sandal 1916 og Gjesdal frå 1920.
Jakob Aa 1887 1916 1916 Volda Seinare lærar i Breim.
Bergit Teresa Storgjerde 1995 1916 1919 Volda
Eirik Hjellbrekke 1889 Eikås Volda Lærar i Sulitjelma 1913-18.
Ida Myklebust 1896 Heggheim-Søgnesand 1917 1920 Volda
Karl Henrik Muri 1888 1917 1919 Volda
Jonas B. Flatjord 1895 Åmot 1919 Elverum Seinare lærar i Sande, Gaular.
Kristine Klakegg 1897 Sunde 1919 1922 Volda
Maria Severine (Viken) Huslid 1899 Heggheim

Søgnesand

1920 1923 Volda Seinare lærerinne i Vik. Gift med lærar Olav Huslid.
Olav Emil Huslid 1899 Viken Volda Gift med lærarinne Maria Severine Viken Huslid.
Inga K. (Øygard) Bakke 1899 Åmodt

Veiteberg

1921 Volda
Kristian Eikås 1899 Sandal 1921 Volda
Ingolf Helgheim 1898 Årdal 1921 Volda Kyrkjesongar
Johannes Samuelson Helgheim 1900 Sunde 1923 Volda
Sigurd Huus 1900 1923 1930
Sverre Myklebust 1902 Veiteberg

Skei

1924 1970 Notodden Skulestyrar ved Skei 1968-70.
Malmfrid Hole Lunde 1901 Søgnesand/Kjøsnesfjorden

Heggheim

Volda
Kristiane Fluge 1902 Ålhus 1926, 1928- Volda Var vikar fyrste halvår 1926, ansatt frå 1928.
Ida Myklebust Øen 1896 Statens lærarinneskule, Stabekk Lærarinne i Jølster i 3 år. Seinare i Innvik og Hyllestad.
Anders Myklebust 1907 1929 1935 Notodden Vikar i Jølster 1929-35.
Einar Veiteberg 1909 Volda Seinare lærar i Hamre.
Oline Eikeland 1903 1936 1938 Den kv. industriskole i Bergen Handgjerningslærarinne.
Lovise Bjørkeli 1904 etter 1937 Levanger Lærarinne i Jølster i 3 år.
Ludvik Myklebust 1903 Myklebust 1937 1939 Volda
Oddmund Klakegg 1914 Myklebust

Framhaldsskulen

1939 Volda Lærer i Myklebust 1939-45, deretter framhaldsskulen.
Dagrun Fossheim 1923 Søgnesand

Sanddal

(1943) Vikar og handarb-lærarinne i Jølster 1943-44.

Vikar Søgnesand 1944-45.

Ansatt som lærarinne Sanddal.

Karl Veiteberg 1918 1944 1945 Kristiansand Seinare lærar i Lærdal.
Kåre Aasen 1920 Sandal etter 1946 Levanger

Skular og elevtal

I Plan for folkeskularne i Jølster 1913 oppgis det at skulane skulle delast etter elevtalet. Dei minste skulane skulle ha i) 12 skuleveker dersom elevtalet var under 20, med moglegheit for å øke dette til 15 veker. Der det var mindre enn 12 elevar, kunne også talet på skuleveker senkast til 9 veker. Der det var over 20 elevar vart skulen delt i klassar med 12 eller 15 skuleveker. Passerte elevtalet i ei klasse 30, kunne skulen delast i fleire klassar etter naudsyn.

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Skulenmin logo.jpeg Skulehistorie i Jølster er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.