Sygard (Bykle gnr 10/3): Forskjell mellom sideversjoner

bilete
Ingen redigeringsforklaring
(bilete)
Linje 96: Linje 96:
Hæge Olavsdotter kom frå [[Nigard (Bykle gnr 5/1)|Nigard Hoslemo]]. Foreldra var Olav Tallaksson Hoslemo og kona, Birgit Auversdotter, f Vatnedalen. Sigrid Knutsdotter fekk i 1882 eit par dødfødde tvillingar, ein gut og ei jente. Faren var Daniel Torsson Lunden. Sidan i livet budde ho lengste tida i ei stoge under [[Midtgarden Steinsland (Valle)|Midtgarden Steinsland]] i Valle. ''Vallesoga'' (III, 601) melder at ho var ugift og «livnærde seg med ymse slags arbeid for folk». Stoga hennes er nå restaurert og står i tunet på Steinsland, bnr 3.  

{{thumb|Nesland 31b.jpg|Mannen på dette biletet skal vera Knut O. Stavenes( f 1885) i Kanada. Me har ikkje funne nokon som veit kva kona hans heitte. Bilete frå samlinga til Gunhild Gjerden via Ingebjørg Vegestog.}}
Birgit Knutsdotter fekk i 1877 sonen Eivind med Hallvard Eivindsson Berg. Ho budde då i Bykle, men heldt seinare ei tid til på ein plass under [[Bø (Valle)|Bø]] i Valle, og guten kalla seg sidan Eivind H. Bø. Han budde i vaksen alder fleire stader i Bykle. I denne boka står hovudomtalen av han og familien hans i bolken om [[Der uppe (Bykle gnr 3/4)|Berdalen Der uppe]], bnr 14. Birgit gifte seg i 1880 med enkemannen Olav Ånundsson Røysland, og budde med han på plassen [[Kjelleberg under Løyland]], inntil han døydde i 1883. I ekteskapet sitt hadde ho sonen Ånund, fødd 1880. Birgit døydde som fatiglem på Løyland i 1890, medan Ånund døydde av [[tæring]] i 1898, fortel ''Vallesoga'' (sjå ''Valle'' III, 153, 436 og VI, 137, 483).  

Ingebjørg Knutsdotter gifte seg i 1872 med Ånund Jonsson Prestegarden i Valle, og fekk dottera Gunhild same året. Sidan misser ''Vallesoga'' desse folka or syne (''Valle'' IV, 413), men etter det Reidar Vollen i Kristiansand har funne ut, budde dei i 1878 i USA. Ingebjørg var då død, men hadde to born som overlivde henne. Tellef B. Nesland (''Slektsoversikt for Nesland), meiner likevel at borna «døde nesten samtidig med moren», så truleg vart dei ikkje gamle.  
Ingebjørg Knutsdotter gifte seg i 1872 med Ånund Jonsson Prestegarden i Valle, og fekk dottera Gunhild same året. Sidan misser ''Vallesoga'' desse folka or syne (''Valle'' IV, 413), men etter det Reidar Vollen i Kristiansand har funne ut, budde dei i 1878 i USA. Ingebjørg var då død, men hadde to born som overlivde henne. Tellef B. Nesland (''Slektsoversikt for Nesland), meiner likevel at borna «døde nesten samtidig med moren», så truleg vart dei ikkje gamle.  

{{thumb|Nesland 31b.jpg|Mannen på dette biletet skal vera Knut O. Stavenes( f 1885) i Kanada. Me har ikkje funne nokon som veit kva kona hans heitte. Bilete frå samlinga til Gunhild Gjerden via Ingebjørg Vegestog.}}
Ingjerd Knutsdotter gifte seg i 1880 med Olav Auversson Stavenes, ein son av Auver Olavsson Hoslemo og kona, Gunhild Olavsdotter, fødd Byklum. Ingjerd og Olav budde på ein plass under [[Underdal (Tokke)|Underdal]] i [[Mo kommune (Telemark)|Mo]], og fekk 4 born saman. Alle borna livde opp: Auver, f 1883, Knut, f 1885, Knut f 1888 og Gunhild, f 1891. Far deira døydde i 1890, men Ingjerd og sønene vart buande i Mo inntil ho i 1902 reiste til Amerika (jfr. ''Mo bygdebok'' I, 592). Etter det Tellef B. Nesland opplyser, døydde ho i 1944. Dei to Knut-ane budde då einkvarstad i Saskatchewan, [[Kanada]].  

Linje 115: Linje 115:
Hallvard greidde ikkje å sitje med bruket i lengda, så i 1885 gjekk det på auksjon. Då han døydde i 1891, var han busete i [[Tveiti (Bykle gnr 11)|Tveiti]]. Tilslaget på auksjonen i 1885 gjekk til Mikkel Torkjellsson Rygnestad, som baud i namnet åt sonen Arne. Prisen vart 1050 kr.  

{{thumb|Nesland 32.jpg|Dette er ikkje Mikkel Torkjellsson, men sonesonen Mikkel Arneson Nesland (1903-1987). Her er han fotografert på heimtur frå anlegget ved Urarvatn, som han køyrde varer til med hest og slede. Biletet er datert til 9.10. 1950, og kjem frå frå arkivet til Vest-Agder Elektrisitetsverk via Setesdalsmuseet.}}
Mikkel var frå [[Syndre Rygnestad (Valle)|Syndre Rygnestad]], bnr 11, og son åt Torkjell Mikkelsson på det bruket og kona, Gunvor Drengsdotter. I åra 1874-78 vart han oppskriven som bruksmann i [[Heimre Åreholti (Valle)|Heimre Åreholti]], bnr 10 (jfr. Valle VI, 327, 351). Men her er det noko som ikkje stemmer aldeles, for frå andre kjelder veit me at han og familien hans budde på [[Moen (Bykle gnr 17/8)|Moen]] i [[Trydal (Bykle gnr 17)|Trydal]] frå 1876 til 1882. Dinest var dei i [[Berget (Bykle gnr 13/2)|Berget Mosdøl]] 1882-1885, inntil dei kom hit i det sistnemnde året.  

Linje 138: Linje 139:

Den nemnde rettssaka er nærare omtala i bolken om Tveitvodd. I samanhengen her rekk det å fortelje at Arne Mikkelsson dreiv handelen der til 1894. Det året selde han handelsbua til Olav Auversson Stavenes(y.), flutte hit og vart gardbrukar.  

{{thumb|Nesland 33.jpg|Dette biletet av tunet i Sygard er frå ca 1953. Utlånt av Gro A. Nesland.}}
* '''Arne Mikkelsson Rygnestad''', f 1858, d 1924  

: g 1898 m Gunvor Ånundsdtr. Hoslemo, f 1870, d 1939. Born:  