Sygard (Bykle gnr 10/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sygard
Nesland 30.jpg
Sygard Nesland 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Sygard Nesland
Rydda: 1688
Utskilt: 1688
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 10
Bnr: 3
Type: Gardsbruk
Hus som ingen har bruk for vert etter kvart oppgnaga av tidartanna. Denne støylsbua frå Furestøyl under Sygard er eitt av mange døme på dette.
Foto: Folke Nesland

Sygard er ein av Neslandgardane i Bykle kommune. Som det er gjort greie for i framstillinga om hovudbølet, meiner me at den fyrste som hadde dette bruket som fast verestad var Vetle Gunnarsson. Han var son åt Gunnar Knutsson Der heime, og det ser ut til at han må ha fått overtaka 6 kalveskinn, dvs. halve farsgarden.

  • Vetle Gunnarsson Nesland, f ca 1654, d ca 1720, ug

Vetle tykkjest ha sete i Sygard frå eingong på 1680-talet og til han døydde kring 1720. Etter at han var borte, fekk Åvold Knutsson i Der heime hand om også dette bruket. Truleg dreiv han båe som ein einskap inntil kona hans døydde i 1752. På skiftet etter henne vart Åvold sitjande med Sygard. Sonen Jon gifte seg i 1749, og budde truleg i Sygard frå det året. Me reknar med at han overtok heimelen til bruket her etter at faren var død i 1753.

  • Jon Åvoldsson Nesland, f 1716, d 1786
g 1749 m Tore Bjørgulvsdtr. Breive, f 1728, d 1812. Born:
  • Torbjørg, f 1751, g 1779 m Knut Olavsson Hoslemo, sjå Uppigard Hoslemo, gnr 4, bnr 2
  • Åvold, f 1755, g 1805 m Hæge Kjetilsdtr. Løyning, sjå Neire Dysje, gnr 8, bnr 2
  • Hæge, f 1758, g 1781 m Tallak Olavsson Hoslemo, sjå Nigard Hoslemo, gnr 5, bnr 1
  • Borghild, f 1761, g 1797 m em Mikkel Tarjeisson Mosdøl, sjå Lunden Mosdøl, gnr 13, bnr 1

I 1769 selde Jon Sygard, og kaupte att Vatnedalen Der sø av ervingane etter Sigbjørn Torkjellsson Rannestad. Sidan budde han der så lenge han livde, dvs. til 1786.

Den som kaupte Sygard av Jon Åvoldsson kan ikkje ha vore andre enn Bjørgulv Knutsson i Der heime, som litt forsinka er bokførd som eigar av 12 skinn på Nesland (dvs Der heime og Sygard) frå 1771. Me meiner at han må ha kaupt bruket i 1769, og overlate drifta av det til andre, kanskje helst broren Gunnar, nokre år frametter.

I den gamle gards- og ættesoga står det (70) at Olav O. Gjerden åtte Sygard og overlet dette bruket til sonen, Knut, men det kan me ikkje få til å stemme. Olav O. Gjerden åtte Vodden til 1788, men aldri Sygard, etter det me kan sjå. Knut Olavsson kan nok godt ha vore innom her som brukar for Bjørgulv Der heime eit bil eller to på 1780-talet, ettersom han hadde born til dåpen frå Nesland i 1782 og 1789, men i 1786 heldt han tydelegvis til i Gjerden. I 1792 og 1796 var han likevel i Holen, og fyrst i 1798 finn me han som eigar av Sygard, som han då må ha kaupt hjå Gunnar Knutsson, bror åt Bjørgulv. Gunnar hadde kaupt Vodden av Olav Gjerden, og budde der, men overtok også Sygard på skiftet etter broren i 1793.

Gunnar Knutsson må ha selt 3 skinn i Nesland, dvs. halve Sygard, til Knut Olavsson noko fyre den formelle matrikuleringa av bruket i 1798. Den andre halvparten, Systog eller Neire Sygard, vart han sitjande med, så samstundes som Sygard vart formelt utskilt frå Der heime, laut Systog skiljast ut frå Sygard i matrikkelen. Me kjem attende til Systog, men lat oss nå fyrst fylgje oppsitjarane i Sygard og familiane deira.

  • Knut Olavsson Nesland, f 1756, d 1829
g 1782 m Asgjerd Jonsdtr. Holen, f 1754, d 1836. Born:
  • Birgit, f 1782, d 1786
  • Hallvard, f 1786, g 1817 m Sigrid Andresdtr. Brotteli, sjå nedanfor
  • Auver, f 1789, g 1. 1817 m Ingebjørg Kristensdtr. Hisdal, g 2. 1843 m Ingebjørg Kjetilsdtr. Stavenes, sjå Nordstog Gjerden.
  • Birgit, f 1792, d 1872, ug, sjå nedanfor, jfr. Naustdøl.
  • Gunhild, f 1796, g 1818 m Jon Andresson Brotteli, sjå Brotteli.

Asgjerd Jonsdotter var frå Myri Holen. Jon Olavsson Tveiten og kona, Åshild Folkesdotter, fødd Holen, var foreldra hennes.

Birgit Knutsdotter fekk i 1829 sonen Knut. Faren var Jon Auversson Vatnedalen, son åt Auver Jonsson Holen og kona, Turid Sigbjørnsdotter, fødd Vatnedalen. Knut Jonsson livde opp, og vart 1874 gift med Åse Knutsdotter Byklum. I åra som fylgde budde han med henne på plassen Naustdøl under Vodden, der han iallfall sidan 1865 hadde halde til ilag med mora. Det me elles veit å fortelje om Knut, står i bolken om Naustdøl.

I 1807 kaupte Knut Olavsson, far av Birgit, Holen Der uppe av Alv Tovsson for 306 riksdalar, men selde same dagen det bruket vidare til Torleiv Hallvardsson Tveiten for 351. Transaksjonen skaffa altså Knut 45 dalarar i lomma.

Knut og Asgjerd sat med Sygard til dei skøytte bruket over til eldstesonen, dette var sumaren 1829.

  • Hallvard Knutsson Nesland, f 1786, d 1865
g 1817 m Sigrid Andresdtr. Brotteli, f 1795, d 1864. Born:
  • Asgjerd, f 1818, g 1840 m Hallvard Torleivsson Holen, sjå Holen Der uppe gnr 12, bnr 2
  • Knut, f 1821, g 1845 m Hæge Olavsdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Tallak, f 1824, g 1855 m Asgjerd Jonsdtr. Brotteli, sjå Systog Nesland, bnr 4.
  • Ingjerd, f 1828, d 1829
  • Andres, f 1829, d 1829
  • Andres, f 1830, g 1874 m Birgit Tarjeisdtr. Bjones, til Amerika 1883, sjå Libu, jfr nedanfor
  • Ingjerd, f 1834, g 1875 m Knut Gunnarsson Nesland, sjå Libu og Holenplasset, gnr 12, bnr 7
  • Olav, f 1841, g 1871 m Anne Ånundsdtr. Tveiten, til Amerika

1902, sjå nedanfor, jfr. Libu

Foreldra åt Sigrid Andresdotter var Andres Jonsson Brotteli og kona, Ingjerd Torleivsdotter, fødd Bjørnarå.

I den gamle gards- og ættesoga står det (78) at Olav Hallvardsson fekk plassen Libu hjå faren, og at Olav i sin tur overlet denne til broren Andres, etter at han sjølv hadde fått kaupe Nordstog Stavenes. Dette er gale, ettersom det var Andres som bygsla plassen hjå faren i 1852, medan Olav var busete hjå broren iallfall frå ca 1865 og til 1874.

Andres Hallvardsson tykkjest ha budd i Libu frå 1852 til han for til Amerika. Dette var ikkje i 1902, slik den gamle boka gjev opp etter emigrantlista frå Setesdalslaget i Amerika, og utan at me kan slå det aldeles fast, har me grunn til å tru at han i røynda reiste i 1883.

Derimot stemmer det at Olav Hallvardsson kaupte Nordstog Stavenes. Det var i 1874, og han flutte dit same året. Vidare tek me med at han ca 1890 selde stavenesbruket og budde nokre år i Mosokn, fyrr han i 1902 tok ut til Amerika derifrå. Saman med han reiste sonen Hallvard.

Eldstebror av Hallvard og Olav overtok Sygard etter foreldra i 1865:

  • Knut Hallvardsson Nesland, f 1821, d 1876
g 1845 m Hæge Olsdtr. Hoslemo, f 1824, d 1873. Born:
  • Sigrid, f 1846, d 1928, ug, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1848, d 1890, g 1880 m em Olav Ånundsson Røysland, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1850, d fyre 1878, g 1872 m Ånund Jonsson Prestegarden, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1853, d 1891, ug, sjå nedanfor
  • dødfødd jente, 1855
  • Ingjerd, f 1856, g 1882 m Olav Auversson Stavenes, til Amerika som enke i 1902, sjå nedanfor
  • Turid, f 1859, d 1919, g 1890 m Olav Tallevsson Lid Kvålen, Mo, 6 born, sjå nedanfor
  • Olav, f 1861, til Amerika 1887, d 1915, lagnad elles ukj.
  • Jon, f 1864, g 1899 m Åse Arnesdtr. Byklum, sjå Kosi Byklum, gnr 14, bnr 28
  • Gunhild, f 1867, d 1891, g 1889 m Tarjei Tarjeisson Bakken, Bakken under Lunden, Valle, gnr 22, bnr 9, sjå Valle VI, 452

Hæge Olavsdotter kom frå Nigard Hoslemo. Foreldra var Olav Tallaksson Hoslemo og kona, Birgit Auversdotter, f Vatnedalen. Sigrid Knutsdotter fekk i 1882 eit par dødfødde tvillingar, ein gut og ei jente. Faren var Daniel Torsson Lunden. Sidan i livet budde ho lengste tida i ei stoge under Midtgarden Steinsland i Valle. Vallesoga (III, 601) melder at ho var ugift og «livnærde seg med ymse slags arbeid for folk». Stoga hennes er nå restaurert og står i tunet på Steinsland, bnr 3.

Mannen på dette biletet skal vera Knut O. Stavenes( f 1885) i Kanada. Me har ikkje funne nokon som veit kva kona hans heitte. Bilete frå samlinga til Gunhild Gjerden via Ingebjørg Vegestog.

Birgit Knutsdotter fekk i 1877 sonen Eivind med Hallvard Eivindsson Berg. Ho budde då i Bykle, men heldt seinare ei tid til på ein plass under i Valle, og guten kalla seg sidan Eivind H. Bø. Han budde i vaksen alder fleire stader i Bykle. I denne boka står hovudomtalen av han og familien hans i bolken om Berdalen Der uppe, bnr 14. Birgit gifte seg i 1880 med enkemannen Olav Ånundsson Røysland, og budde med han på plassen Kjelleberg under Løyland, inntil han døydde i 1883. I ekteskapet sitt hadde ho sonen Ånund, fødd 1880. Birgit døydde som fatiglem på Løyland i 1890, medan Ånund døydde av tæring i 1898, fortel Vallesoga (sjå Valle III, 153, 436 og VI, 137, 483).

Ingebjørg Knutsdotter gifte seg i 1872 med Ånund Jonsson Prestegarden i Valle, og fekk dottera Gunhild same året. Sidan misser Vallesoga desse folka or syne (Valle IV, 413), men etter det Reidar Vollen i Kristiansand har funne ut, budde dei i 1878 i USA. Ingebjørg var då død, men hadde to born som overlivde henne. Tellef B. Nesland (Slektsoversikt for Nesland), meiner likevel at borna «døde nesten samtidig med moren», så truleg vart dei ikkje gamle.

Ingjerd Knutsdotter gifte seg i 1880 med Olav Auversson Stavenes, ein son av Auver Olavsson Hoslemo og kona, Gunhild Olavsdotter, fødd Byklum. Ingjerd og Olav budde på ein plass under Underdal i Mo, og fekk 4 born saman. Alle borna livde opp: Auver, f 1883, Knut, f 1885, Knut f 1888 og Gunhild, f 1891. Far deira døydde i 1890, men Ingjerd og sønene vart buande i Mo inntil ho i 1902 reiste til Amerika (jfr. Mo bygdebok I, 592). Etter det Tellef B. Nesland opplyser, døydde ho i 1944. Dei to Knut-ane budde då einkvarstad i Saskatchewan, Kanada.

Liksåvel Turid Knutsdotter budde i Mosokn, men i motsetnad til systera heldt ho seg der livet ut. Olav Tallevsson Lid Kvålen, som ho gifte seg med i 1890, åtte Kvålen, gnr 24, bnr 4. Turid og Olav hadde 6 born saman, som alle livde opp. Det var Talleiv, f 1891; Birgit, f 1892, Knut, f 1894; Helga Oline, f 1896; Marie, f 1898 og Halvor, f 1901. Av desse hamna Birgit i Amerika (1921), resten budde i Mo og Skafså (jfr. Mo bygdesoge, I, 416).

Gunhild Knutsdotter gifte seg i 1889 med husmannen Tarjei Tarjeisson på plassen Bakken under Lunden, gnr 23, bnr 9, i Valle. Der døydde ho av tæring to år seinare. Tarjei gifte seg i 1871 omatt med Åse Tarjeisdotter Trydal og fekk 8 born med henne. Den yngste av sønene heitte Dreng. I denne boka er han omtala i bolken om Ørnefjødd, der han vaks opp, og sidan budde (jfr. Valle VI, 453).

Etter folketeljinga i 1865 var buskapen i Sygard det året hest, 3 kyr, 20 sauer og 7 geiter. Dei sådde 2 tunner bygg og sette 6 tunner jordeple. Ti år seinare var det ikkje stort av buskap att her, og dei dyra som fanst høyrde til buseten Knut Gunnarsson frå Systog. Han hadde 1 kyr og 1 kalv, 8 sauer og lam og 8 geiter og kje. Sånaden på bruket då var 1 1/2 tunner bygg og 10 1/2 tunner jordeple.

Korleis det kan ha seg at Knut Hallvardsson var kreturlaus i 1875 veit me ikkje visst, men han døydde året etter. Då skiftet etter han vart avslutta, gjekk eigedomen til eldste sonen:

  • Hallvard Knutsson Nesland, f 1853, d 1891, ug

Hallvard greidde ikkje å sitje med bruket i lengda, så i 1885 gjekk det på auksjon. Då han døydde i 1891, var han busete i Tveiti. Tilslaget på auksjonen i 1885 gjekk til Mikkel Torkjellsson Rygnestad, som baud i namnet åt sonen Arne. Prisen vart 1050 kr.

Dette er ikkje Mikkel Torkjellsson, men sonesonen Mikkel Arneson Nesland (1903-1987). Her er han fotografert på heimtur frå anlegget ved Urarvatn, som han køyrde varer til med hest og slede. Biletet er datert til 9.10. 1950, og kjem frå arkivet til Vest-Agder Elektrisitetsverk via Setesdalsmuseet.

Mikkel var frå Syndre Rygnestad, bnr 11, og son åt Torkjell Mikkelsson på det bruket og kona, Gunvor Drengsdotter. I åra 1874-78 vart han oppskriven som bruksmann i Heimre Åreholti, bnr 10 (jfr. Valle VI, 327, 351). Men her er det noko som ikkje stemmer aldeles, for frå andre kjelder veit me at han og familien hans budde på Moen i Trydal frå 1876 til 1882. Dinest var dei i Berget Mosdøl 1882-1885, inntil dei kom hit i det sistnemnde året.

  • Mikkel Torkjellsson Rygnestad, f 1828, d 1912
g 1855 m Gunhild Arnesdtr. Flateland, f 1827, d 1909. Born:
  • Gunvor, f 1856, g 1880 m Tarald Tarjeisson Trydal, sjå Hagen, gnr 17, bnr 9
  • dødfødd gut, 1857
  • Arne, f 1858, g 1898 m Gunvor Ånundsdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1860, d 1860
  • Torkjell, f 1861, d 1861
  • Jorunn, f 1863, d 1863
  • Torkjell, f 1864, farmar, g 1889 m Gyro Svenkesdtr. Nesland, til Amerika 1891, jfr Valle VI, 33, 1910 busett Benville Township, Beltrami County, Minnesota, born, iallfall:
  • Mikkel, f 1891
  • Jorunn, f 1867, g m Hallvard Andresson Brotteli, til Amerika 1891, sjå Systog, gnr 10, bnr 4

Gunhild Arnesdotter var frå Uppistog Flateland, bnr 17, og dotter åt Arne Arnesson Helle og kona, Ingebjørg Olsdotter, fødd Flateland.

Som me har fortalt i bolkane om Stigamoen og Berget Mosdøl, hadde Mikkel drive som landhandlar på båe dei stadene. Men etter at han hadde kaupt Sygard i 1885 flutte han hit og vart gardbrukar. Året etter kaupte han likevel tomta Tveitvodd hjå Gjermund Uppistog Byklum, og sette opp ei handelsbu der.

Slik me var inne på ovanfor hadde Mikkel kaupt Sygard i namnet åt sonen Arne. Men Arne vart inntil vidare handelsmann på Tveitvodd, som faren åtte både i namnet og i gagnet, medan faren vart verande her. Dette skapte hovudbry for lensmann Lund, då han skulle prøve å finne ut av tilhøva i samband med ei rettssak nokre år seinare:

Hvorledes Forholdet er mellem Fader og Søn er ikke let at oplyse. Sønnen styrer Faderens Handel, og Faderen driver Sønnens Gaard.

Den nemnde rettssaka er nærare omtala i bolken om Tveitvodd. I samanhengen her rekk det å fortelje at Arne Mikkelsson dreiv handelen der til 1894. Det året selde han handelsbua til Olav Auversson Stavenes(y.), flutte hit og vart gardbrukar.

Dette biletet av neslandsgardane med Sygard i fram grunnen er teke fyrst på 1900-talet. Som ein ser har loptet endå ikkje kome til gards. Bilete frå Gro A. Nesland.
Loptet i Sygard vert sagt å vera frå 1600-talet, men det kom visst ikkje hit fyrr ut i 1920-åra. Det må vel då vera Mikkel Arneson som har flutt det hit, og kledd inn svala i andre-høgda. Kvar han fekk tak i det veit me ikkje. Bilete frå Gro A. Nesland.
Dette biletet av tunet i Sygard er frå ca 1953. Utlånt av Gro A. Nesland.
  • Arne Mikkelsson Rygnestad, f 1858, d 1924
g 1898 m Gunvor Ånundsdtr. Hoslemo, f 1870, d 1939. Born:
  • Gunhild, f 1899, gbr., g m Andreas Sann, NesRomerike, sjå nedanfor, born:
  • Erik Arve, f 1932
  • Marit, f 1936
  • Gro, f 1900, husmor g m Johan Johansen, Hylestad, busett Mykland, ikkje born, jfr Valle II, 123
  • Mikkel, f 1903, d 1987, ug, sjå nedanfor
  • Ånund, f 1906, d 1942, ug
  • Olav, f 1909, kraftverkstilsynsmann, d 1989, g 1949 m Tone Olavsdtr. Vatnedalen, sjå Bergtun, gnr 5, bnr 3, jfr. nedanfor
  • Jorunn, f 1911, husmor, gbr., g 1948 m Jon K. Løyland, busett Nistog Rygnestad, ikkje born, jfr. Valle VI, 320
  • Gunvor, f 1919, husmor, gbr., g 1950 m Eivind O. Flateland, busett Holti, Flateland, bnr 9, born:

Gunvor Ånundsdtr. kom frå Hoslemo Haugen, gnr 4, bnr 5. Foreldra hennes var Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen og kona, Gro Hallvardsdotter, f Trydal.

I 1927 fekk Gunhild Arnesdotter arbeid hjå godseigar Thv. Heiberg på storgarden TjernsmoNesRomerike. Det var ei lang reise, fyrst til fots over fjellet til Dalen, sidan med båt til Skien og vidare med jernbane, men ho kom vel fram, og tok til i arbeidet. Ho skulle vera geitebudeie for Heiberg, som hadde fått fyre seg at det kunne løne seg å drive med geitehald på flataste Austlandet. Kontakten med arbeidsgjevaren hadde ho fått gjennom broren, Olav, som på den tid var jaktoppsynsmann for godseigaren i Njardarheim. Diverre viste det seg at geitene ikkje treivst i skogane på Romerike, så den sida av saka var ikkje særleg vellukka. Men Gunhild treivst godt, då ho trefte han som skulle verta mannen hennes på ein av grannegardane av Tjernsmo. Så ho vart verande på Nes, der ho og familien sidan dreiv bureisingsbruk, men visseleg utan geiter.

Mikkel Arneson overtok gardsbruket etter foreldra i 1923. Det kom ny stogebygning på garden i 1921, og uthus i 1923. Me reknar med at det var Mikkel som sto for byggjinga av desse, og sameleis vil me tru at det var han som bygde på stoga i 1944. I 1938 kaupte han innåt eit stykke innmark frå Systog, som Bjørgulv Folkesson då kvitta seg med for å satse for fullt i Viki.

Mikkel A. Nesland på tunet i Sygard ein gong på 1960-talet. Han har laga seg eit kuband i tre, ser me. Slike var i dagleg bruk til slutten av 1800-åra, men då vart dei avløyste av jernlekkjer. Bilete frå Gro A. Nesland.
Mikkel A. Nesland i sjøfly over Nesland nest fyre jorda vart sett under vatn i 1978. Bilete frå Gro A. Nesland.
  • Mikkel Arnesson Nesland, f 1903, d 1987, ug

I 1950 selde Mikkel bruket til Knut Olavsson Byklum i Nordstog Nesland. Men året etter tok Olav, broren, som nett då dreiv og bygde seg hus på Bergtun ved Berdalsbru, eigedomen attende på odel. Den nye eigaren heldt sidan fram med å bu på Bergtun, og Mikkel vart verande som brukar for broren.På 1950-talet hadde han hest, 4 kyr og 10-12 sauer.

Mikkel budde på garden til slutten av 1960-åra. Då bygde han seg ei stoge ved sidan av tomta åt broren på Bergtun, og flutte dit. Etter at Olav Arnesson døydde gjekk heimelen til bruket her over til enka hans, Tone O. Nesland. Ho har i sin tur overlate til dottera, Ingrid Nesland Boksasp.

Det dyrka arealet på bruket, som nå i hovudsak er neddemt, var - etter tilkaupet av jord i 1938 - på 20 til 25 mål. Både løa og stoga på bruket er fjerna. I staden var det i 1985 bygt ei hytte og eit lite uthus. Berre loptet står på den gamle plassen sin.

Eigedomen vart i 1988 oppmælt til å vera på 2580 mål, med tillegg av andelen i heiesameiget med Tveiten.


0941 Bykle komm.png Sygard (Bykle gnr 10/3) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Vodden • Neste bolk: Systog