Sykkylven kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. aug. 2011 kl. 08:33 av Kallrustad (samtale | bidrag) (ny kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sykkylven kyrkje
Foto: kirkenorge.no

Sykkylven kyrkje er ei firekanta kyrkje i tettstaden Sykkylven i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1990 og bygd i betong. Arkitekt var Oskar Nordervald. Størstedelen av interiøret i kyrkja: gallerifronten, altarringen, lesestolen, bokbrettet, talarstolen og kyrkjebenkane, vart laga gjennom dugnad av kyndige snikkarar i Sykkylven. Også orgelhuset vart bygd på denne måten. Mange eldre snikkarar, med Haldor Vik som leiar, arbeidde på dette prosjektet i fleire månader. Dei heldt til i den nedlagde Brødrene Hole møbelfabrikk i Velledalen og hadde som regel åtte til ti timars arbeidsdagar. I februar 1990 kunne orgelhuset køyrast i smådelar til Marcussens Orgelfabrik i Aabenraa i Danmark. Etter 3000 dugnadstimar, i april 1990, var orgelet kome på plass. Det var første gongen at orgelfabrikken i Danmark sette bort delar av arbeidet på denne måten. Dei danske orgelbyggjarane rosa innsatsen til dei friviljuge i Sykkylven og gav arbeidet karakteren "Meget, meget bra".

Sykkylven kyrkje fekk ein pris ved Nordisk kyrkjebyggarkonferanse i Bergen i 1992.

Kyrkja har 850 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Kjelde

Per Welle: Den store orgeldugnaden. I Årbok for Sykkylven 2010.