Sykkylven kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sykkylven kyrkje
Foto: kirkenorge.no

Sykkylven kyrkje er ei firkanta kyrkje i tettstaden Sykkylven i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1990 og bygd i betong. Arkitekt var Oskar Norderval. Størstedelen av interiøret i kyrkja vart laga gjennom dugnad av kyndige snikkarar i Sykkylven. Dette gjaldt orgelhuset, gallerifronten, altarringen, lesestolen, bokbrettet, talarstolen og kyrkjebenkane. Mange eldre snikkarar, med Haldor Vik som leiar, arbeidde på dette prosjektet i fleire månader. Dei heldt til i den nedlagde Brødrene Hole møbelfabrikk i Velledalen og hadde som regel åtte til ti timars arbeidsdagar. I februar 1990 kunne orgelhuset køyrast i smådelar til Marcussens Orgelfabrik i Aabenraa i Danmark. Etter 3000 dugnadstimar, i april 1990, var orgelet kome på plass. Det var første gongen at orgelfabrikken i Danmark sette bort delar av arbeidet på denne måten. Dei danske orgelbyggjarane rosa innsatsen til dei friviljuge i Sykkylven og gav arbeidet karakteren «Meget, meget bra».

Sykkylven kyrkje fekk ein pris ved Nordisk kyrkjebyggarkonferanse i Bergen i 1992.

Kyrkja har 850 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

I samband med at det vart skipa til kranselag då nyekyrkja var taktett, 22. september 1989, vart verdas høgaste kransekake laga i Sykkylven sentrum. Kaka vart laga av bakar Sigmund Kulseth, og dei to sønene hans, Halldor og Odd Kristian. Kaka målte 717,5 cm og vart då notert som verdas største kransekake. Rekorden er sidan slått.

Kjelde