Torgils Bu (fødd 1857 i Kinsarvik (no Ullensvang herad), død 1939) var lærar og bladmann. Foreldra var Tobias Larsson Bu og Eli Knutsdotter Lussand.

Frå attenårsalderen var han med på jaktefart på Nordland. I 1887 fekk Torgils nervefeber og låg fleire månader på sjukehuis i Bergen. Da han vart frisk, reiste han til Askov folkehøgskole i Danmark og var der i to år. Planen var å bli lærar i ungdommsskulen, og i 1890 vart han lærar på Ullensvang folkehøgskule på Lofthus. Der arbeidde han til 1898. Samstundes styrde han Søndre Bergenhus Folkeblad.

I 1901 skipa Torgils sitt eit blad, Fjordguten. Fjordguten gjekk etter kvart inn i Vøringen på Stord, og Torgils flytte til Leirvik på Stord. 1906 sette han i gang Vestlandske Folkeblad – frå 1919 Søndhordlandske Tidende – og styrte bladet til 1930. Tre år etter flytte han heim til Kinsarvik.

Kjelder og litteratur

Halldor O. Opedal: omtale i Hardingar på sjøen (1968).

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!