Torleiv Årrestad

Torleiv Årrestad (fødd 18. desember 1905 på Årrestad i Time, død 30. september 1998) var lærar. Han skreiv seg fyrst for Aarrestad, men bytta til Årrestad, noko som òg står på gravminnet på Undheim kyrkjegard.

Torleiv Årrestad
Foto: Norske skolefolk (1952)

Han var son av bonde Peter Nilsen Aarrestad og Malena Napoleonsdatter f. Njølstad. Torleiv Aarrestad tok eksamen ved Stord lærarskule i 1926.

Som nyutdanna var han vikar i tre år, før han i 1930 vart tilsett i krinsane Leknesund og Austrefjord, Solund kommune. I 1933/34 arbeidde han i Straumen skulekrins i Solund. Etterpå var han lærar i Tunheim krins i Time.

Han var gift med Berta f. Eikeland (1914-92), dotter av bonde Olaus Eikeland og Elisabeth. Berta og Torleiv Aarrestad fekk ein son og tre døtrer.

Kjelder og litteratur