Ulefos Jernværk

Ulefos Jernværk er eit jernverk som ligg i Ulefoss i Nome kommune. Verksemda vart grunnlagt 8. august 1657, og er ei av Noregs eldste bedrifter.

Ulefos Jernværk i 1864.
Foto: frå boka Holla, s. 290 (Oslo, 1925)

Historikk

Ulefos Jernværk heitte frå byrjinga Holden Jernværk. Jernverket vart grunnlagt av riksadmiral Ove Gjedde og lensherre over Nordlandene, Preben von Ahnen 8. august 1657. Jernverket vart kjøpt av Diderik von Cappelen (1795–1866), sønn av eidsvollmannen Didrich von Cappelen (1761–1828) i 1835.

Jernverket på Ulefoss vart starta etter at ein fann jernmalm på Fen ved Norsjø i 1652. Fen ligg 2,5 km frå Ulefoss, og på Ulefoss fanst dei naudsynte forutsetningane for eit jernverk; eit stort vassfall og god tilgang på trekol. Ulefossen hadde sidan midten av 1500-tallet vore nytta til sagbruksdrift. I moderne tid er fallet utbygd med to kraftstasjoner på til sammen 13,8 MW.

 
Trekullmasomn ved Ulefos Jernværk i 1864.
Foto: frå boka Holla, s. 285 (Oslo, 1925)

Masomnen ved jernverket vart slokka i 1877, og med den opphøyrde råjernsproduksjonen. Støyperiverksemda og namnet levde likevel vidare, med dei kjende Ulefosomnane som hovudprodukt heilt fram til slutten av 1950-talet. Gategodset blei introdusert i 1952, og overtok etter kvart som det viktigaste produktområdet.

Framleis produserar jernverket eit mindre antall vedomnar etter ein modell frå 1766. Omnen kan vere verdas eldste industriprodukt som framleis er i produksjon.

Ulefos Jernværk er framleis ei viktig hjørnestensbedrift i Nome kommune. Nokre familiar har gjennom generasjonar vore knytt til bedrifta 350 år attende i tid. Sjette generasjon Cappelen sit i dag i leiinga av bedriften.

I 1999 blei holdingselskapet Ulefos NV AS oppretta. Selskapet består av Ulefos Jernværk AS og det finske støyperiet Niemisen Valimo OY. Cappelen Holding AS eig 100 prosent av selskapet. Konsernet er leiande på gategods til det nordiske markedet, og leverer gategods i både grå- og seigjern.

I 2017 hadde Ulefos Jernværk omlag 145 tilsette, og ein produksjonskapasitet på maksimalt 13 000 tonn.

7. januar 2022 vart bedrften råka av brann som skal ha starta i ein gummipakning i en dør i en sandblåsemaskin. Brannen spreide seg til fleire etasjer. Skadeomfanget vart ikkje så omfattande.

Galleri

Kjelder og vidare lesning

Eksterne lenker

  • Program om støyping av jernomnar ved Ulefos Jernværk. Film frå 1980. Lenke til filmen på Nasjonalbiblioteket si nettside.
  • En bedrift med tradisjoner. Samtale med gamle arbeidere på Ulefoss Jernverk. Opptak frå 10. august 1946. Lenke til innslag på Nasjonalbiblioteket si nettside.


Koordinater: 59.28391° N 9.25851° Ø