Vågslidtun hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vågslidtun hotell blei oppført på den gamle branntomta der Vågslid hotell stod tidlegare. Den nye hotellbugningen stod ferdig i 1971, og hotellet heitte frå byrjinga Vågslid hotell.[1] Seinare har hotellet bytta eigarar og namn fleire gonger, m.a. til Haukeli Høgfjellshotell, Vågslid Høgfjellshotell og Vågsli hotell og fjellkro. I dag heiter hotellet Vågslidtun hotell.

Vågslidtun hotell har vore gjennom fleire moderniseringsomgangar. Allereie i 1982 gjennomgjekk hotellet ei større modernisering der m.a. bada blei pussa opp. I 1991 hadde hotellet 48 rom med plass til 140 gjester. I tillegg bestod hotellet av ni "appartementsleiligheter".[2]

På 2000-talet bygde dåverande eigar ut fleire leilegheiter som blei solgt til private, og antall hotellrom har med tida blitt redusert til 20.

Kjelder og vidare lesning

  • Christenson, Ragnvald, Ferdsla over Haukeli og dei gamle hotella, Notodden, 2019.
  • Grønli, Jon Terje, "Storhotell på gamle tufter", i Tønsbergs Blad, 8. august 1992.
  • Tinholt, Dag, "Solgte ti leiligheter på få timer", i Telemarksavisa, 16. juni 2004.
  1. Grønli, 1992, s. 10.
  2. Grønli, 1992, s. 10.