Vågslidtun hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vågslidtun hotell i 1971.

Vågslidtun hotell vart oppført på den gamle branntomta der Vågslid hotell stod tidlegare. Den nye hotellbygningen stod ferdig i 1971, og hotellet heitte frå byrjinga Vågslid hotell.[1] Seinare har hotellet bytta eigarar og namn fleire gonger, m.a. til Haukeli Høgfjellshotell, Vågslid Høgfjellshotell og Vågsli hotell og fjellkro. I dag heiter hotellet Vågslidtun hotell.

Vågslidtun hotell har vore gjennom fleire moderniseringsomgangar. Allereie i 1982 gjennomgjekk hotellet ei større modernisering der m.a. bada vart oppussa. I 1991 hadde hotellet 48 rom med plass til 140 gjester. I tillegg bestod hotellet av ni "appartementsleiligheter".[2]

På 2000-talet bygde dåverande eigar ut fleire leilegheiter som vart selde til private, og antall hotellrom har med tida vorte redusert til 20.

Arkiv

Arkivet etter Vågslidtun hotell vert oppbevart ved Vest-Telemark Museum.

Referansar

  1. Grønli, 1992, s. 10.
  2. Grønli, 1992, s. 10.

Kjelder og vidare lesning

  • Christenson, Ragnvald, Ferdsla over Haukeli og dei gamle hotella, Notodden, 2019.
  • Grønli, Jon Terje, "Storhotell på gamle tufter", i Tønsbergs Blad, 8. august 1992.
  • Tinholt, Dag, "Solgte ti leiligheter på få timer", i Telemarksavisa, 16. juni 2004.