Vardåsvegen (Sauherad)

Vardåsvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune er ein skogsbilveg på Holtanåsen som går austover frå Holtandamtjønnvegen mot Store Vardeåsen og er 850 meter lang.

Vardåsvegen med brua over Damtjønnbekken.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen har namn etter Vardeåsen. Like sør for Store Vardeåsen ligg Vesle Vardeåsen.

Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarane. Vegane blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.40870° N 9.21899° Ø