Vardåsvegen (Sauherad)

Sideversjon per 1. aug. 2019 kl. 01:38 av Rool (samtale | bidrag) (Lagt til tekst.)

Vardåsvegen i Sauherad kommune er ein skogsbilveg på Holtanåsen som går austover frå Holtandamtjønnvegen mot Store Vardeåsen.

Vardåsvegen med brua over Damtjønnbekken.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen har namn etter Vardeåsen og er 850 m lang. Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarar. Desse blei skilta i 2001-2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Like sør for Store Vardeåsen ligg Lille Vardeåsen.

Kilder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.40870° N 9.21899° Ø