Ve krins: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 8: Linje 8:


==Skulevegen==
==Skulevegen==
I ei [[Minneoppgaver|minneoppgåve]] for eldre frå innsamlinga i 1996 skriv ein informant frå krinsen om skulevegen på 1920-talet: "Skulevegen var helst lang, etter dagens målestokk, for vi måtte ned sandbakken frå  Moa, som ligg knappe hundre meter over sjølve bygda elles, over elva Tya  med bru tett ved den første kraftstasjonen, over heile anleggsområdet, på hengebru over Storelva, som ho vart kalla etter at elvane Utla og Tya rann saman. Deretter omlag 500 m ned til skulen. Ein spennande skuleveg for unge gutar, med all slags anleggsaktivitet, å ikkje å forgløyma bilkøyring, sjølv om det berre var lastebilar, stod vi kanskje lange tider for å få sitja på nokre hundre meter."
Informanten i [[Minneoppgaver|minneoppgåva]] frå innsamlinga i 1996 minnest også skulevegen: "Skulevegen var helst lang, etter dagens målestokk, for vi måtte ned sandbakken frå  Moa, som ligg knappe hundre meter over sjølve bygda elles, over elva Tya  med bru tett ved den første kraftstasjonen, over heile anleggsområdet, på hengebru over Storelva, som ho vart kalla etter at elvane Utla og Tya rann saman. Deretter omlag 500 m ned til skulen. Ein spennande skuleveg for unge gutar, med all slags anleggsaktivitet, å ikkje å forgløyma bilkøyring, sjølv om det berre var lastebilar, stod vi kanskje lange tider for å få sitja på nokre hundre meter."


==Lærarar==
==Lærarar==

Sideversjonen fra 8. feb. 2018 kl. 13:59

Moa krins er ein skulekrins i Årdal kommune i Sogn.

Skulehus

Skuledagen

I ei minneoppgåve for eldre frå innsamlinga i 1996 skriv ein informant frå krinsen om skulekvardagen på 1920-talet: "Det var svært mykje du skulle læra utanboks, både kristendomsfag, historie og geografi, salmer og songar."

Informanten skriv vidare om kvardagar og høgtider utanom skuletimane: "Lærarane var og flinke til å ta del i leik og ballspel i frikvartera, så det skapte eit godt skulemiljø, trass i at hjelpemidlar og utstyr var minimalt. Skulefestar var felles til jul og 17-mai, men av og til øvde vi inn tablå som Tatergjenta og Kong Bele som vi framførde i Ungdomslaget. Turar var helst om våren, og då småturar ut i naturen i nærområdet."

Skulevegen

Informanten i minneoppgåva frå innsamlinga i 1996 minnest også skulevegen: "Skulevegen var helst lang, etter dagens målestokk, for vi måtte ned sandbakken frå Moa, som ligg knappe hundre meter over sjølve bygda elles, over elva Tya med bru tett ved den første kraftstasjonen, over heile anleggsområdet, på hengebru over Storelva, som ho vart kalla etter at elvane Utla og Tya rann saman. Deretter omlag 500 m ned til skulen. Ein spennande skuleveg for unge gutar, med all slags anleggsaktivitet, å ikkje å forgløyma bilkøyring, sjølv om det berre var lastebilar, stod vi kanskje lange tider for å få sitja på nokre hundre meter."

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Femårdmeldingane for skulane i Sogn og Fjordane. Arkivert hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

MO96S-F023, Minneoppgave for eldre 1996, Norsk folkeminnesamling, Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitet i Oslo (upublisert)


Koordinater: 61.31302° N 7.83176° Ø