Ve krins

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Moa krins»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ve eller Moa krins er ein skulekrins i Årdal kommune i Sogn. Krinsen heitte først Ve, men fekk namnet Moa då krinsane Ve og Utladalen gjekk saman i 1906-1908.

Frå 1890 vart Vetti krins lagt til Ve.

Ve krins vart delt i 1904, og Utladal vart ein krins for seg sjølv. Men dette varte berre i to år, og dei gjekk saman igjen i 1906. Sidan Moa var midtpunktet fekk no krinsen namnet Moa krins. I 1908 vart det igjen deling. Dette skulle vere ei kortvarig løysing, men Ve var eigen krins fram til 1917/1918. Då stod det nye skulehuset i Farnes krins klart, og Ve vart lagt til denne krinsen. Så lenge Ve eksisterte som eigen krins, heldt skulen til i gamlestova på Ve gard.

Skulehus

Skuledagen

I ei minneoppgåve for eldre frå innsamlinga i 1996 skriv ein informant frå krinsen om skulekvardagen på 1920-talet: "Det var svært mykje du skulle læra utanboks, både kristendomsfag, historie og geografi, salmer og songar."

Informanten skriv vidare om kvardagar og høgtider utanom skuletimane: "Lærarane var og flinke til å ta del i leik og ballspel i frikvartera, så det skapte eit godt skulemiljø, trass i at hjelpemidlar og utstyr var minimalt. Skulefestar var felles til jul og 17-mai, men av og til øvde vi inn tablå som Tatergjenta og Kong Bele som vi framførde i Ungdomslaget. Turar var helst om våren, og då småturar ut i naturen i nærområdet."

Skulevegen

Informanten i minneoppgåva frå innsamlinga i 1996 minnest også skulevegen: "Skulevegen var helst lang, etter dagens målestokk, for vi måtte ned sandbakken frå Moa, som ligg knappe hundre meter over sjølve bygda elles, over elva Tya med bru tett ved den første kraftstasjonen, over heile anleggsområdet, på hengebru over Storelva, som ho vart kalla etter at elvane Utla og Tya rann saman. Deretter omlag 500 m ned til skulen. Ein spennande skuleveg for unge gutar, med all slags anleggsaktivitet, å ikkje å forgløyma bilkøyring, sjølv om det berre var lastebilar, stod vi kanskje lange tider for å få sitja på nokre hundre meter."

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Anonym (1978) Bygdebok for Årdal, s. 641 – Sogelaget. ISBN 8299055318.
  • Femårsmeldingane for skulane i Sogn og Fjordane. Arkivert hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
  • Laberg, Jon (1932): Årdal i Sogn: bygd og ætter. A.S John Grieg boktrykkeri. Digital versjonNettbiblioteket, ss. 88-105.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

MO96S-F023, Minneoppgave for eldre 1996, Norsk folkeminnesamling, Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitet i Oslo (upublisert)


Koordinater: 61.30655° N 7.81537° Ø