Velledalen Fabrikker AS

Velledalen Fabrikker AS var ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1946 under namnet Velledalen Lenestolfabrikk av Fridtjof Drabløs, Jon Hjortdal og Ole P. Brunstad. Dei skaut inn ein aksjekapital på 15.000 kroner. Tidlegare hadde dei tre karane frå Velledalen drive møbelproduksjon saman med Hjalmar Brunstad. Også etter at dei skilde lag, var dei saman om trevareavdelinga, som var i kjellaren i Jørngarden på Brunstad. Stopping og samansetjing hadde Velledalen Lenestolfabrikk første året i bedehuskjellaren på Hjortdal. Etter kort tid kjøpte dei det tidlegare meieriet i Velledalen av Olav Parr for 23.000 kroner. Meieriet var då berre eit lite bygg på ein etasje pluss kjellar, så i 1949 bygde dei nye eigarane på huset med ei høgd. Til saman fekk dei då disponere ei golvflate på 700 kvadratmeter, og dei kunne samle produksjonen på ein stad. Trevareavdeling hadde dei i underetasjen. Bygget vart utvida fleire gonger, og omsetninga og talet på tilsette voks stadig. I 1948 var omsetninga på 537.000 kroner, og bedrifta hadde då 28 tilsette. I 1955 var talet på arbeidarar oppe i 32.

Produksjonen til veksemda var heile tida lenestolar og sofaer med tyngd og eigen design.

Velledalen Lenestolfabrikk var med då dei laminerte stolane kom på mote seint i 1960-åra. Den første stolen dei hadde med laminert treverk, heitte Easy. Partner var ein annan modell i same materialet, og den vart eit spissprodukt for verksemda. Stolen vart lansert med godt resultat på Bella-senteret i København.

Mot slutten av 1960-åra såg leiinga at dei ikkje kom vidare med dei lokala og den tomta dei disponerte i Velledalen.