Vetlefjorden krins

Vetlefjorden krins er ein skulekrins i Balestrand kommune i Sogn.

Skulehus

I ei minneoppgåve for eldre frå innsamlinga i 1996 skriv ein informant frå Vetlefjorden om skuledagane tidlig på 1930-talet. Om skulehuset og utstyret minnest hen:"Skulen og utstyret var enkelt. Det var kart over heimdelene og landet. Så var der plansjer over planter, dyr, fisk og fugl. Der var ôg ein gamal globus og ting til enkle fysikkeksperiment."

Skuledagen

Informanten i minneoppgåve for eldre frå 1996 skriv ein informant frå Vetlefjorden vidare om skuledagen: "Skulen var todelt slik at dei miste gjekk tre dagar i veka og dei største tre dagar i veka." Om gymnastikkundervisninga kan vi lese: "Gymnastikken gjekk føre seg ute med "bøy og tøy", men vi fekk nok fysisk fostring med den daglige gåinga." og vidare om friminutta: "I det lange friminuttet var me ute. Var det fint ver, slo me ball eller gjorde ymse leikar. Me gutane kappast i enkle idrettsleikar. Me gutane kappast for å vere populære og for å vere kar over jentene."

Skulevegen

Informrmanten i minneoppgåva frå innsamlinga i 1996 skriv også om skulevegen: "Skulen låg mist i dalen, og frå ytterkantane var det 3 km å gå. Om sommaren (og vår og haust) var det berre moro å gå. Verre var det i ruskete vær og når det var mykje snø. Det var berre ein hesteplog som brøyta vegen, så me måtte ofte vasse i snø(...) Når det var vinter brukte vi spart, og den meistra vi ypperleg. På stålis og glatt føre var det reine "Rally Cross". Me hadde gjerne to på setet og bak på meiane sto så mange som fekk plass. Det henda at dei bakaste skapp taket og fall av, men stort sett gjekk det bra. Det var sjeldan vi bruka skia. Det var berre dersom det var skitur for heile klassen. Syklar var det lite av på den tida, så det var lite brukt."

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

MO96S-F06, Minneoppgave for eldre 1996, Norsk folkeminnesamling, Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitet i Oslo (upublisert)


Koordinater: 61.29906° N 6.56441° Ø