Vinterfiskje frå Synesvågen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Spekuleringsendringar)
(Redigere bildegalleri)
Linje 151: Linje 151:
Bilde:AMU-0032 01.jpg|Oline, ein oppborda seksring med dekk og gaffelrigg. Austefjord Museum
Bilde:AMU-0032 01.jpg|Oline, ein oppborda seksring med dekk og gaffelrigg. Austefjord Museum
Bilde:AMU-0035 01.jpg|Seksring med dekk og gaffelrigg. Namn på deler i gaffelrigg. Austefjord Museum
Bilde:AMU-0035 01.jpg|Seksring med dekk og gaffelrigg. Namn på deler i gaffelrigg. Austefjord Museum
Bilde:Øyahamna med tre fiskebåtar AMUn-001.1695.jpg|Kutterar som kom med i vinterfiskje frå 1906 til 1909. Austefjord Museum
</gallery>


Bilde:Øyahamna med tre fiskebåtar AMUn-001.1695.jpg|Kutterar som kom med i vinterfiskje frå 1906 til 1909. Austefjord Museum
==Korleis bodde dei fastbuande og fiskarane==
<gallery>
Bilde: Vigra husmannstove Geileplassen Rørvik før 1915.png| Vigra husmannstove Geileplassen Rørvik før 1915
</gallery>
</gallery>


Linje 173: Linje 177:
Bilde: Gamlemselva mot Vigra 3 OEH .JPG| Gamlemselva mot Vigra
Bilde: Gamlemselva mot Vigra 3 OEH .JPG| Gamlemselva mot Vigra
</gallery>
</gallery>
====Veret og verskifte. Det skiftar fort====
====Veret og verskifte. Det skiftar fort====
<gallery>
<gallery>
Linje 179: Linje 184:
Bilde: Frostadtinden Høgesetra mot Giske 3 OEH.JPG| Frostadtinden Høgesetra mot Giske
Bilde: Frostadtinden Høgesetra mot Giske 3 OEH.JPG| Frostadtinden Høgesetra mot Giske
</gallery>
</gallery>
====Kvar kom fiskarane frå ?====
====Kvar kom fiskarane frå ?====
<gallery>
<gallery>

Sideversjonen fra 21. jan. 2018 kl. 09:21

Vigra Synesvågen 1908
Segleaattring1
Olsvikseksringen
Fjørefar teikna av Hans Strøm

Åttring med sju mann og seksring med fem mann i fiske frå Synesvågen 62.5418127° N 6.0174135° Ø på Vigra i Giske kommune. Fisket føregår frå yttersida av «den ytterste nøgne ø» midtvinters i open båt.

Ta opp Norgeskart på skjermen > Trykk Meny (tre liggande strek oppe, venstre) > Trykk BAKGRUNNSKART, velg Sjøkart > Trykk X oppe, høgre i meny > Søk Synesvågen i søkefelt oppe, venstre > Scroll kartstørrelse. Så fyl du Petter på tur ut mellom båar/bodar og skjær…. «ut og vest i Kari-havet».

Denne turen, dette året fyl vi ein fyrstereisgut. Petter Britanus Eliasson Mek (PM, 1876 – 1966, BsV2 s. 238) fortel på lydband om fyrste fiskja han 14 år gamal er med faren på åttring, vinteren 1890 – 1891. Forteljingar frå andre lokale kjelder rundt fjorden aust for avgrensing Krumsvikneset til Løvikneset i Hjartåbygda og inn i fjordarmane er tilleggsinformasjon.

Båten og det ein finn om rigg

Båten er ein åttring, 28-alning (båtalner = 55 cm, målt etter ripa). Masta midt i båten er fokkemast. På seglet bak fokkemasta er ikkje brukt løybom/nedre bom, kanskje heller ikkje bom oppe. Utan bom oppe heitte seglet ein «trehuk», det var tau i tre hjørner. Dei brukte stav- eller stag-bukkar (usikkert utsagn) på segla ved kryssing opp mot vinden. Åttringane hadde oftast to master der det på bakmasta (ei trerøringsmast) til slutt vart brukt mesansegl, men lenge var det gamle «marineseglet» brukt. Ved full seglføring var det og brukt ein «færingsrigg» på eit «baugspyd». Då stod den vesle masta på/ved forstamnen. (Seksringen brukar ei mast, ein «åttringsrigg», same som største mast på åttringen. Ein gap kan då spørje kvifor dette ikkje vart kalla «seksringsrigg»)

Overgangen frå råseglrigg til gaffelrigg, eller ein liknande konstruksjon, er nesten fullført. Det kom dekk i mange av desse båtane, oppgitt 1893, men lat oss seie 1890 og utover. Det har vore ein del eksperimentering med seglføringa og ein kastar ikkje det som er i orden og brukande.

Petter, med båt året rundt

Petter eigde «Konsort», ein «møringsbygd» dekksbåt med åttringsrigg i 1900 i lag med Iver Aurstad (1870 – 1948) i Austefjorden. Petter hadde mor frå Aurstad, fleire eigarar på kvar båt var vanleg. I Austefjorden var sjøisen eit «meinbegse». Ved slik eigarskap var ofte naustet så langt ute i fjorden at dei slapp plaga med isen når dei skulle «i fiskja». Petter vart i ung alder kvalfangar og kvalskyttar på Nevada og andre Sunnmørsbåtar. Han sa seinare at det var han som oppdrog austefjordingane til kvalfangarar.

Mannskap

Mannskapet på åttringen er 7 mann. Frå framskuten og til bakover i båten:

Solid-Johan: Johan Mek (1850 – 1937, BsV2 s. 486) (framromet)

Sven-Ola inni Kile: Ola Sveinsson Kile f. 1863

Skule-Sven: (vart lærar, finn ikkje meir info)

Petter Mek (PM, 1876 – 1966, BsV2 s. 238)

Nils Kile (finn ikkje under Kile)

Mek-Eljas: Elias Mek (1849 – 1926), styremann (og oppgitt båteigar, der var ofte fleire eigarar til båt)

Vosse-Knut: Knut ????, skutmann (bakskuten)

Karane har kvar sine faste oppgåver i høve til segling. I fiske og lossing er oppgåvene meir delte.

Klargjering og utstyr

Torskerykk med lodd
Torskerykk

Tida frå julehelga til kyndelsmess var ei travel tid. Kvar mann måtte ha utstyret i orden til utror. Utstyr for kvar mann. Ei stor kiste med innehald: 200 flatbrødleivar, 50 lefser smurde med godt smør, flesk, morpøle, 1 pose kokemjøl, 2 esker smør med innhald 1,5 kg, ein del ost m. m. Ein sekk gangklede, ein sekk sengklede. Ei pakktønne kaker og diverse. Ein ambar brødgraut, ein holk surmjølk, ein holk syre. Eit nisteskrin og kanskje eit skrin for bestekleda, samt eit anker godt øl. Til slutt sjøvegn og skinnhyre. Kvar hadde med eit halvt mål turr enkel-ved til bruk i huset og til omnen eller eldgryta for koking på båten.

Synesvågen

Synesvågen ligg med kort veg til fiskefelta, men er grunn og gikk gradvis ut av bruk når båtane endra form og størrelse. Behovet for betre tilflot for levering var nok og ein grunn.

Synesvågen er plassen for vinterfisket for desse Mek-karane og andre med årviss avtale med fastbuande. Her leiger dei husrom. Dei har grannar og kjenningar rund seg. Seksringane og åttringane frå Volda kommune var delte på strekninga frå Vigra til ned mot Statt virkar det som. Største samlingane på Synesvågen og rundt Fosnavågen/Ytre Herøy. Ørstingane og Vartdalingane heldt til i Furkenholmen 62.4851011° N 6.0454641° Ø.

Hans Geitvik: På Synesvågen leigde båtmannskapa rom i husa på gardane, på loft med køyer i fleire høgder, så brukte dei «bestestova» til opphaldsrom. Ofte var to mannskap i lag på eit stoveloft, 14 mann om det var to åttringar, Der vart tidvis tung luft i huset når kle skulle turkast og det andre tider var landlege grunna styggever.

Ola Årsetøy: I 1907 fekk eg for fyrste gong vere med han far i vinterfiskje. Dei hadde Synesvågen på Vigra som basis, og for å halde meg til det eg veit visst so vert det der eg tek seinare samanlikningar. Det var den vinteren 3 motorbåtar og 30 siglarar og tilhøva var truleg dei same andre stadar også. Det var få motorbåtar å sjå på havet mot alle siglarane. I 1915 var der 45 motorbåtar og ingen siglarar på Synes-vågen.

Ein førebels konklusjon: 1890 og åra rundt er her husrom til om lag 30 seksring- og åttringsmannskap i husa i rimeleg nærleik av vågen. Då er lokalt heimehøyrande båtar med.

Fellesarbeid før og etter fiske

Komne på Synesvågen var det fast arbeid som vart gjenomført. Fyrst bar dei i hus mat, kle og ved (tilfanget) der dei leigde hus og naust. Så var det dugnad/fellesarbeid med husfolket å legge ut utfar, «hund»/utfarstein og tønne/flyteelement til kvar båt.

«Hunden» er ei stor steinhelle som er botnstein i «utfar». Den har hol i midten. Gjennom holet stikk ein kjetting og låser med ein grov tein gjennom kjettingen under hella. Så legg ein ein stokk over to båtar og strammar opp kjettingen ved fjøre sjø. No må ein vente til sjøen er flødd nok til «hunden» er «flot». Så kan ein forhale til plassen «utfaret» skal vere og sleppe hunden.

Dette arbeidet kan ta fleire dagar. Ved avslutta fiske blir denne dugnaden gjort i omvendt rekkefylje. «Utfaret» må på land att.

Turen

Mek-karane reiser til Vigra ved kyndelsmess (vanleg tid) då det er rykte om godt fiskje. Etter lossing av utstyr fer dei inn i Vågen (må vere Fosnavåg) og kjøper 30 tønner salt og set fram i naustet.

Så kjem fisket i gang og karane får no «læta ut o kroppi» (latskapen ut av kroppen). Både å ro i timevis med dei tunge årane og å bruke handsnøre med dei tunge «toskerykkane» lange dagar var knallhart arbeid dei dagane det var sjøver.

Fisket føregår midtvinters rundt grunnbrota på eit av kysten sine mest verharde område. Ein må alltid vere på vakt. Veret er avgjerande. Ei feilvurdering og ein er midt i ein kamp for livet.

Fiskeområde

Fiskeområdet hadde avgrensingar for å kunne ta seg inn att til Synesvågen ved dårleg ver, omtala som «om anj e nåke åt veira» eller «anj e kje go me veira».

Petter nemner ein del namn som ein finn på sjøkart for området. Han brukar gamal uttale, så ved ein båe på nyare kart, seier Petter «bode».

Namn nemnde som avgrensingar, med/mid og navigasjonsmerke er: I sør, Geitmaren 62.3981106° N 5.5240472° Ø vest av Fosnavåg. I aust og sørvest av Synes, vest om Longskjera 62.5405634° N 5.8678348° Ø. Kvalslsboden 62.5354311° N 5.8205424° Ø og Oddeboden 62.5466129° N 5.840275° Ø er kjende båar dei siktar mot, i styggever og dårleg sikt går dei inn i brotet frå desse to for å lytte seg fram til sikker landkjenning. Håflesa, Stabben og Erkne (Erkna). Petter nemner ikkje fyr. Dei kom i desse tider.

Midt i fiskeområdet er Onglegrynna på sørleg kurs. Ein vestleg fiskeplass er utanom Fausken 62.5669403° N 5.7411916° Ø, her er straumen slik at ein let seg drive nord om Neteskallen 62.6511833° N 5.5267932° Ø medan ein fiskar. Det er og nemnt Statsgrynnakken.

Ved retur til Synesvågen brukar dei kjende retningar og kjend lyd på bodar/båar dei navigerar etter for å nå hamna i all slags ver.

Utelege

Overnatte på feltet, «utelege», var annakvar natt når fisken beit og veret var akseptabelt. Oftast låg ein på Silstøbotnen/Sildestøbotnen 62.5396976° N 5.6886941° Ø. Om det rauk opp med sydvest hadde ein god landkjenning på Kvalsboden og Oddeboden for å ta seg sikkert inn på Synesvågen.

Mek-karane hadde ein presening som passa frå framstamnen til fokkemastre. Denne la ein over torskedungen. Så la ein seg «rund» på seglet og fiskedungen og drog eit anna segl over karane. «Å leggje sej ronde» er å legge seg med alle klede på. «D æ kaldsnækje på sjønå vetra/vintra dag» sa dei.

Ein heldt vakt, og han trampa og «banka flokje» så det «va kje blond å få».

Sjøveir

Kysten er ein lunefull plass å vere. Dei fiska nokre få dagar i januar, så vart det styggever som varte ein heil månad. Kvar dag var det sjørok. Vinden «drog opp sjøen syd i Rimøynje og datt ikkje ned att før denj traff Erkne». Karane gjekk og trakka og venta på «sjøver».

Så byrja det å gå rykte om at båtane hadde vore på sjøen heile tida, både frå Fosnavågen, Lepsøya og Nordøyane. Berre i eit avgrensa område rauk sjøen kvar dag.

Petter: «Ein dag besemte han far og ein ……… inna Borgund seg for å gå ut. Med to riv i storseglet og to riv i fokka barst det utover. Vi sette «stavbukkar» (eller «stagbukkar») på segla for å kome oss vest av Fausken. Der let vi oss drive til nord i Neteskallen og fekk godt med fisk. No gav det seg endeleg med uveret.

Ut gjennom februar kunne vi drage opp i 1000 fisk på ein dag når den beit godt. Den stod rundt oss frå 12 til 40 famners djupte. Beste månaden dette året landa vi 12 000 torsk.

Ein av desse hardaste dagane byrja han far å verte nokså arg på meg. Avtalen var at eg som var så ung skulle merkje fiskane eg drog og få betalt for mine fiskar. Ein rekna ikkje fyrstereisgutane sterke nok i kroppen til å arbeide likt med dei andre.

Då byrja «Vosse-Knuten» fyrst å murre og så tok han ned i med han far at no fekk det vere nok. Guten skal ha lik lut med oss andre. Slik vart det. Eg var så kry at øyrene stod rett opp i høgde med sydvesten. Lut på mann dette året kr. 200.

På feltet brukte karane den gamle, store, tunge «torskerykken» på fortaum og hampesnøre. På båtripa sette kvar mann ei «sute» (sute var fyrst ein stokk som snøret glei over meir som eit slitebelegg for ikkje å lage hakk i ripa. Så kom der rull i sutene for snøre, tre – fire tomar brei. Breiare rullar heitte garnsuter). Så drog ein fisken inn og let den ligge i botnen av båten med unntak av «store sigleromet».

I store sigleromet var to langsgåande stokkar så langt ut til sida at tilja kunne takast opp for ausing, ein stokk på kvar side. På desse stokkane låg «siglesteinen», halvparten på kvar side ved «jamlasta» båt. Ved sigling lempa «store siglemannen» «siglestein» ved behov. Tilgjengeleg stein skulle til den sida som var mot vinden («lo», ikkje sant, de som kan dette).

I båten var og ein omn der karane koka kaffi og fisk på. I slingring var det ikkje enkelt å halde seg fast og drikke kaffi samtidig. Ofte enda den gloheite kaffien ned i kleda på framsida til alminneleg åtgaum frå dei andre. Karane var og glade i ein liten «knert». Peparbrennevin frå knøttlite glas, som ei fingerbjøl. Ein «slo lens» i båten, mot slutten av turen lukta det peparbrennevin i båten når ein løfta på tiljene. Impregnering og det næraste ein kjem parfyme i situasjonen.

Krabben

Dei brukte av og til anker, «krabbe», for ikkje å drive av. Kvar båt hadde to slike og 100 famner sterkt tau.

Krabben var ein konstruksjon av tre og stein. Hoveddel er to krokne kjeppar med avstandstykke mellom. Dernest ei mest mogeleg firkanta tjukk helle der eine hjørnet stod ned mellom klørne på dei krokute kjeppane. Steinen vart låst til kjeppane med eit kryss (to beine kjeppar) surra med tau til hovedkjeppane.

Ankertauet var fastknytt i konstruksjonen under steinen, ved klørne. I dette tauet var der litt slakk. Der ankertauet passerte øvste enden av ankeret var der ein stubbe med litt veikare tau mellom ankertauet og ankerenden. Den kloke grunnen til dette var at ved «botnafast» anker kunne ein stubbe/ slite den veikare taustubben og dra ankerklørne laus frå bornen etter ankertauet.

Når «krabben» skulle opp stilte karane seg opp i ei rekke i båten. Då var det ikkje «hiv..å..hå» (tak-for-tak) med alle samtidig. «Krabbetak», at dei som dreg skiftar grep på ein slik måte at tauet held jamn fart. Ingen skiftar grep på likt (ut å prøv godtfolk, denne er vanskeleg med tungt lass på).

Losse fisk

Vel i land måtte ein bere fisken fram i naustet. På utfallen sjø (fjøre) opp i 200 meter å gå i sleip rullesteinsfjøre.

Ein la «storebåten» så langt ute at den ikkje vart fast i fjøra. Organisering etter behov, døme: I «storebåten» var att ein mann som lempa fisken over i «småbåten/lettbåten/færingen» som hadde «endetog»/endetau i for draging mellom «storebåten» og land. I småbåten var to mann med oppgåve å lempe fisken i fletta «kiper» som berarane hadde på ryggen. Berarane vod langs småbåten og stod med ryggen og kipa til småbåten. Når beraren tykkte kipa var full gjekk han mot naustet til han treffte bingfjølene i naustdøra. Så bøygde han seg framover så fisken hamna bak bingfjølene. Snudde så og gjekk mot båtane att.

Å gå i sleip rullesteinsfjøre med tungt lass på ryggen krev full konsentrasjon i dagslys. Verste alternativ var «jøfjøre» (lavt lavvatn) og kolmørk natt.

Behandling av fisken

Ingen av informantane seier/skriv noko om dette. Denne båten, denne vinteren hadde kjøpt 30 tønner salt til sin fisk. Forklaring på behandling av fisk her må vere organisering i samarbeid med husfolket. Ofte var det kvinnene som tok seg av dette arbeidet.

Kvile i ei seng

Å kome i hus og få seg mat etter slike økter var ubeskriveleg. Å få kvile ein sliten kropp sameleis. Men dei «gode» dagane, når det var godt fiske og godt ver var det berre å snu ut att med det same. Fisket venta.

Kome heim

Petter: Kan de tenkje dykk kor kry eg var då eg kom heim og synte henne mor kva eg hadde tent denne vinteren. Ikkje minst at eg fekk same lut som dei andre var..tja, uverkeleg.

Båtbruk etter heimkome

Nille Djuvik f. Botn, tente på Bjørneset då Ålesund brann, i 1904. Ho sa det var «enj kraftige ljøskje ut yve øyanje».:

Vel heime frå fiskja vart ikkje storebåtane «sette fram me de same» (å setje fram båt er på godt lokalt språk å setje båten på land med vilje. «Å gå seg fram på» er stort sett det motsette, eit uhell). «Storebåtane» vart brukt til naudsynte ting som måtte flyttast på.

Det var og vanleg at dei «låg ute»/på sjøen til etter fyrste kyrkjesundag etter heimkome. Var det vind var det kappsigling. Karane som nett hadde lege ute i havet og segla i stormvind var godt trena og sikker i sigling. Tenestejentene var heime og stelte i «sin» heim. Vaksnefolket, ikkje minst konene til fiskarane og dei eldste borna var med.

Heimatt gjekk det unna. Fyrst til gards kom dei halvvaksne gutane som gjekk og vona på å kome på sjøen snart. Smilet rakk nesten heilt rundt hovudet, i alle fall oppunder øyrene. Så kom «kjeringane»/dei vaksne damene til tuns att. «Dei øja å bar sej noke so aldeles forferdele, å lova på atte dei aldre skolle ti kjirkje me disse galne karanje meir».

Bilete

Båtane

Korleis bodde dei fastbuande og fiskarane

Terrenget. Øyane og havet rundt

Veret og verskifte. Det skiftar fort

Kvar kom fiskarane frå ?

Eksterne lenkjer

Kjelder

  • Austefjord Museum: Eit hefte. Etter sild og torsk på Mørekysten
  • Petter Mek (PM, 1876 – 1966, BsV2 s. 238) interjuva av Kåre Ståle Mek f. 1939 rundt 1960. Lydband
  • Hans Geitvik (HG, 1856 – 1934), Bondeliv på Sunnmøre. Mat, utrusting, navigasjon
  • Ola Årsetøy (OÅ 1892 – 1955), skriv til 50-årsjubileum for Volda Mek. Verkstad, Lokale fiskebåtar, tal båtar, rigg og segl
  • Knut Vikestrand (KV, 1896 – 1988) interjuva av Nils Håvik f. 1938. Lydband. Såg båtane som gut. Stadfestar at modellane til Andreas Årsetøy stemmer, han har og kommentarar som fell saman med Ola Årsetøy sine opplysingar
  • Sjur Førde (SF, 1877 -1858) notat. Sjur skriv at på det meste var det utrusta minst 15 seksringar og åttringar berre frå inste

Austefjorden. Altså frå Håvik og Årset og austover til Osdal og Bueide. Sjur leitte på sine eldre år etter ei gamal vise om «Den blinde styremann» eller noko i den lei. Skriven om ein nokre generasjonar eldre mann frå Fyrde som vart tidleg blind, men var båte-byggar og åttrings-styremann likevel

  • Kalvassboka. Utgitt av Sivert E. Kalvatn etter faren Erik S. Kalvatn sine notat
  • Nille Djuvik f. Botn (ND, 1884 – 197?) I teneste på Bjørneset 1904. At «storebåtane» vart brukte til frakt av eigarane før dei vart sette på land. Som bestemor fortalde ho same historiene som dei andre informantane her. Dei som høyrde trong 50 år før dei skjøna at det ho sa var nøytralt og teknisk rett utan tillegg/overdrivingar
  • Busetnadssoga for Volda, band 1, 2 og 3, Arnfinn Kjelland…. BsV(nr/side) Her finn ein opplysingar om dei identifiserbare personane
  • Voldasoga, band 1, 2 og 3, Per Årviknes. Personane her og, men her er meir omfattande soger for tuna der kunnskap om båt og naust er med
  • Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951. Har høyrt på «besta»/bestemor Nille i Djuvika som liten. Har grave vidare etter informasjon seinare