Forside:Sunnmørsbåter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

KYSTKULTUR
Båtbygging • Klinkbygging • Fyr • Tradisjonsbåtregisteret

østnorske båter • sørvestlandsbåter • midtvestlandsbåter • sunnmørsbåter • geitbåter • trønderbåter • nordlandsbåter
norrøne fartøy • seglfartøy • dampfartøy • motorfartøy

Om Sunnmørsbåter
Sunnmørsåttringen til Sunnmøre museum under segl i juni 2005.
Foto: Andreas Vartdal

Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmøre og ytre og sørvestre delar av Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Mindre båtar vart bygde inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygde og har både årar og segl. Dei er særleg kjenneteikna av skroget, som er snidbetna, og det asymmetriske råseglet.   Les mer ...

 
Smakebitar
Sunnmørsk fjøringfar teikna av Hans Strøm og attgjeve i Søndmørs Beskrivelse (1762).
Fjørmannsfar (jf. islandsk fjögramannafar og færøysk fýramannafar), òg kalla firmannsfar, fjørnfar, fjørefar, fjøfar m.m., var ein båttype som var vanlig i alle fall frå 1600-talet og fram til 1800-talet. I ulike kjelder blir dei omtala som båtar med fire, fem eller seks rorsrom. Fjørmannsfar var vanlige i alle fall på både Sunnmøre og Nordmøre. I skifteprotokollane frå Nordmøre på andre halvdelen av 1600-talet ser fjørmannsfara ut til å ha vore ein slags fyringar. Hans Strøm skriv i Søndmørs Beskrivelse (1762): «Fjøringfar eller Fjæringfar, som af andre kaldes Fjærmandsfar, er et Navn, som uden Tvivl vil sige det samme som Firerøings-Far, efterdi det tillægges en Baad med 4 Par Aarer, som dog altid bemandes med 6 Karle og er det almindeligste Slags Havbaad, hvormed man i Vaar-Fiskeriets Tid reiser 2 til 4 Mile ud i Havet for at fange Torsk.» I eit notat frå Ole Ekkilsøyvåg frå Averøya sitert i Nordmøre fiskerisoge er fjøfar omtala som eit anna namn på femroring.   Les mer …

Sunnmørsåttringen til Sunnmøre museum under segl i juni 2005.
Foto: Andreas Vartdal
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmøre og ytre og sørvestre delar av Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Mindre båtar vart bygde inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygde og har både årar og segl. Dei er særleg kjenneteikna av skroget, som er snidbetna, og det asymmetriske råseglet.   Les mer …

“... Bordene fra Forstevnen løbe skraas opad mod Midten, hvor de alle støde sammen ...” (Frå «Om de forskjellige Slags Baade i Norge» av Carl Frederik Diriks)
Nemninga snidbetning viser til byggjemåten til sunnmørsbåten. Det nedste bordet (på storbåtane dei to nedste borda) blir avskrådd (snida) ned mot kjølen. Dette fører til at borda vidare oppover i båten må skråast ned mot stemne og stamn. Denne skråinga blir gjort ved at kvart bord attanfrå blir skjerva (skøytt) mot to bord framme (renningane).   Les mer …

Geitbåtfæring med asymmetrisk råsegl.
Foto: Olve Utne
Eit lårsegl eller asymmetrisk råsegl er eit firskore sneisegl med lutande framlik, bratt atterlik og skråstilt . Visuelt sett minner asymmetriske råsegl om ei samansauma utgåve av gaffelsegl og fokk. I Noreg blir asymmetriske segl tradisjonelt bruka på nordvestlandsbåtar, og da særleg på nordfjordsbåtar, snidbetningar og geitbåtar. På Nordmøre blir dette seglet ofte kalla geitbåtsegl. Seglet er elles utbreidd på Island, i Skottland og England, i Frankrike, der det blant anna er typisk for luggeren, og i Spania, der det er typisk for barcoluengo. Seglet blir dels sett som ei vidareutvikling av råseglet, dels som ei avkappa utgave av latinarseglet.   Les mer …

 
Kategoriar for Sunnmørsbåter
ingen underkategorier


 
Andre artiklar