Yksnøy skule: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(kategorirydding) |
||
(2 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist) | |||
Linje 14: | Linje 14: | ||
[[Kategori: Volda kommune]] | [[Kategori: Volda kommune]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori: Grunnskole]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori: Etableringer i 1910]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori: Opphør i 1954]] | ||
{{artikkelkoord|62.22707|N|5.888979|Ø}} | |||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 22. des. 2022 kl. 08:43
Yksnøy skule var ein liten grendeskule på Yksnøya i Volda kommune. Huset vart bygd i 1910 og var i bruk som skulehus fram til 1954, men det har vore i bruk som forsamlingshus for folket på Yksnøya til i dag (2015).
Ved folketeljinga i 1900 var det 20 barn på øya, og arbeidet med å få eigen skule kom i gang. Det gjekk likevel fleire år før heradsstyret ville godkjenne eige skulehus. Vedtak vart først fatta i 1906, og da på vilkår at bygdefolket sjølve kosta alle materialane til huset og gjerde rundt tomta.
Tidlegare gjekk barna frå Yksnøya på skule i Velsvika og Lidabygda.
Skulehustomta fekk namnet Gjerdshaugen. Ho vart avstått frå bruket Yksnøyvika, og i 1910 stod huset ferdig etter stor dugnadsinnsats.
I perioden fram til skulen vart nedlagt ser det ut til å ha vore sju lærarar som budde på Yksnøya for å drive skulen. Mellom dei var Ingebjørg Alvestad, Elias Andenes, Ivar H. Eidheim og Torbjørn Sørheim.
Kjelde
- Hasle, Kari 2009: Yksnøya. I Busetnadssoga for Volda. Band 5: Morkabygda – Lidabyga – Yksnøya. Volda kommune, side 368–390, særleg s. 386ff.