Ål bibliotek

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ål bibliotek er folkebibliotek for Ål kommune, Buskerud, og har lokale i Ål kulturhus. Biblioteket vart oppretta i 1877.

«Med hensyn til det foreslaaede nye Bidrag antages det med Stemmeflerhed at man i aar ikke bør forbruge mere end det førhen bevilgede Bidrag til Bibliotekets Vedligeholdelse.»

Sitatet er frå 1880, då boksamlingsstyret hadde søkt formannskapet om pengar til vedlikehald av boksamlinga som starta i 1877.

Den fyrste boksamlinga i øvre Hallingdal var eit lite bibliotek for omgangsskulelærarane i Hol og Ål frå 28.juni 1835. Det vart lånt ut bøker derifrå fram til 1870. Då Hol og Ål vart delt, fekk kommunane kvar sin del av den vesle boksamlinga.

Tanken om eit almuebibliotek i Ål kom opp alt i 1838. Men fyrst i 1876 løyvde formannskapet 20 spd. (80 kroner) til boksamling på det vilkåret at staten skulle yte like mykje. Staten gav 60 kroner, og 7.juli 1877 vart det sett ned ei nemnd som skulle arbeide ut reglar for boksamlinga og instruks for bibliotekaren. Seinare vart det løyvd 19 kroner og 26 øre til material og snekring av bokskåp til boksamlinga. I 1890 vart boksamlinga delt mellom Ål og Torpo.

Boksamlinga i Ål heldt til i den gamle Tingstugu på Sundre. Under storbrannen i 1931 forsvann alt det som ikkje var utlånt. Boksamlinga fekk tilhald i den nye Tingstugu. Siste tida der delte dei rom med jordstyret.

På 60-talet starta boksamlingane det fyrste samarbeidet ved å opprette eit felles styre. Dei samarbeidde om bokkjøp.

I 1964 fekk Ål kommune ungdomsskule, og boksamlinga vart flytta til eit rom i idrettsbygget. Det vart kjøpt reskahyller og teakmøblar og eigen skranke som var teikna for føremålet. Ho som teikna skranken var seinare bibliotekdirektør Else Granheim. (Skranken eksisterar framleis som arbeidsbord på bakrommet i ål bibliotek).

Frå 1973 vart Nedre-Ål folkeboksamling hovudbibliotek i kommunen, og dei andre boksamlingane fekk status som filialar. I 1986 flytta Hovudboksamlinga inn i nye lokale i underetasjen av Ålingen kjøpesenter, der ho var til Ål kulturhus sto ferdig november 1992.

I januar 2003 vart dei siste filialane i kommunen avvikla, og skulane overtok lokala og ein del av samlingane til skulebibliotek. Elles er alle ressursar samla på Ål bibliotek.

Per november 2017 er det planar om å flytte biblioteket til eit framtidig påbygg i Ål kulturhus.

Satsingsområde

  • I 2002 blei det oppretta ei barnebibliotekarstilling for å satse på barn og unge. 20% av stillinga var sett av til arbeid med den lokalhistoriske nettsida "Heimbygda". Frå skuleåret 2009/10 har Ål bibliotek skipa til møte med dei ansvarlege for skulebiblioteka i kommunen.
  • I 1992 blei det arrangert bokmesse i Ål kulturhus for første gong, og det vart seinare ei fast, årleg hending med biblioteka i Hallingdal som arrangør, i samarbeid med den lokale bokhandlaren.
  • Ål bibliotek har også hatt andre typer samarbeid med dei andre hallingdalsbiblioteka gjennom faste bibliotekleiarmøte, felles lånereglar og felles datasystem (ALEPH til 2013). I 2011 fekk biblioteka nettsider med same mal gjennom Buskerud fylkesbibliotek sitt Webløft-prosjekt.
  • Ål bibliotek har i seinare år satsa på studentar som målgruppe, i 2012 gjennom prosjekta "Studierom Hallingdal" og "Bibarena", biblioteket som læringsarena.

Tidlegare filialar

  • Torpo folkeboksamling (1890-2003)
  • Breie folkeboksamling (19?-1996)
  • Nordbygden folkeboksamling (1901-2003)
  • Sando folkeboksamling (1902-2002)

Personale

Per 2013 er det fire tilsette ved Ål bibliotek, som fyller til saman 3,15 stillingar.

Statistikk

Biblioteket hadde 30 734 utlån i 2016 (med fornyingar). Biblioteket hadde 49 845 besøk i 2016.

Biblioteksjefar

  • Klara Sonerud (1949-1973, tilsett til 1989)
  • Gerd Haug (1973-2003)
  • Aslaug Brattåker (2003-2012)
  • Anne Kaslegard (2012-)

Kjelder

  • Ulshagen, Håkon: Ål folkeboksamling fyller 100 år (1977)
  • Møtebøker og vedtak frå kulturstyre og kommunestyre

Referanser

Eksterne lenker