Ånen Årli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ånen Årli. Frå Norske skolefolk, 1952.

Ånen Årli (fødd 16. februar 1902 i Kvinesdal, død 28. mai 1982 same staden) var lærar i Kvinesdal.

Han var son av Johan Ånensen Årli (1872–1905) og Marie Olsen Stokkeland (1880–1962), som gifta seg i 1901. Faren døydde då Ånen Årli var berre 3 år gamal. Mora gifta seg opp att i 1922 med Nils Knudsen Fjell (1859–1951). Ånen vaks opp på slektsgarden Årlia.

Han tok lærareksamen ved Kristiansand lærerskole i 1925, og byrja som lærar i heimbygda i 1930. I 1952 jobba han på Åse skule og Sandvatn skule.

Årli vart i 1932 gift med Ragna Veggeland (f. 1906), dotter av Nils T. Veggeland og Gura Veggeland. Dei fekk ein son, Johan A. Aarli, som vart professor dr.med. ved Universitetet i Bergen. Familien busette seg på Elgjestraum, der dei bygde hus på grunn frå prestegarden.[1]

Han oppgav til band 2 av verket Norske skolefolk at han hadde arkivgransking som hobby. Han hadde òg ein stor interesse for bygdehistoria, og i åra 1964–1972 gav han ut Kvinesdal. Ei bygdebok i tre band. I 1980 kom òg Feda. Gards- og slektshistorie.

I 1982 mottok han Kongens fortenstmedalje i gull.[2] Han fylde åtti år nokre veiker seinare. I mai 1982 var han ferdig med manus til ei bok om humor og folkeminne frå Kvinesdal, som kom ut posthumt.

Bibliografi

Referansar

  1. «75 år» i Bergens Arbeiderblad 1981-02-26. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. «Kongens gull til Ånen Årli» i Agder 1982-01-06. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kjelder