Årdalskrusifikset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Årdalskrusifikset stammar frå Årdal gamle kyrkje i Hjelmeland. Det kan daterast til tida rundt 1220-1230. Den lokale lensmannen bidrog til at krusifikset blei overdratt til Stavanger Museum i 1908. Kristusfiguren mangla då begge armane, venstre fot, samt krossen. Hovudet hadde dessutan losna frå kroppen. Det dreier seg om eit såkalla triumfkrusifiks, skore i selje og med ei lengde på 116 cm. Dermed er Årdalskrusifikset størst av dei bevarte mellomalderske krusifiksa i Rogaland. Det blir rekna som eit av dei vakraste i landet innanfor sin type. Særleg ansiktet er av høg kvalitet. Krusifikset vart restaurert og undersøkt i 1980-åra. Det hadde vorte reist spørsmål ved om hovud og kropp er laga samstundes på grunn av noko ulik stil. Bruk av computertomograf viste at årringane på begge sider av brotet høyrde saman, slik at hovudet er skore frå same stamme som resten av figuren.

Litteratur

  • Ytterdal, Anne: Årdalskrusifikset på Computertomograf-undersøkelse. I: Frá haug ok heiðni. Nr 3. 1992
  • Ytterdal, Anne: Årdalskrusifikset. Et unggotisk krusifiks fra Ryfylke. Undersøkelse, konservering og restaurering. Arkeologisk museum i Stavanger, 1997. Serien AmS-Varia, nr. 29
  • Ytterdal, Anne: Bevarte krusifiks fra Rogalands middelalder. I: Frá haug ok heiðni. Nr 2. 1999