Århus (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Århus ca. 1950.
Foto: Ukjend fotograf

Århus (Fyresdal gnr. 37/1) er eit gardsbruk i Fyresdal kommune.

Garden er fyrste gong nemnd som sjølvstendig bruk i 1838. Før dette var Århus ein del av matrikkelgarden Nesland. Fyrste eigar var Aslak Knutson Århus (1764-1847) med sonen Tore Aslakson Århus (1790-1846) som brukar. Eigar av jorda seinare var Aslak Toreson Århus (1828-??).

I 1883 kjøpte Gunleik Sigurdson N. Lofthus (1816-1899) garden for 9600 kroner. Med dette skyt det fart i utleiga av tomter frå Århus. Den fyrste leigekontrakta frå 1874 til Moland Forbruksforening var det Aslak Toreson som stod for, men seinare kontrakter er skrive under av Gunleik Sigurdson. Bustadområdet vart i 1891 matrikulert frå Århus som bnr. 5 Folkestad. Namnet Folkestadbyen var då ein realitet.

Kjelde

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune, 1992.