Åse-Marie Nesse

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åse-Marie Nesse.
Foto: Ukjend

Åse-Marie Nesse (fødd 29. april 1934 i Klepp kommune, død 13. juli 2001 i Oslo) var gjendiktar og lyrikar. Ho reknast som ein av våre beste gjendiktarar på 1900-talet. Nesse hadde òg eit sterkt sosialt engasjement, og var leiar for Norsk PEN i ei årrekke.

Slekt

Ho var dotter av forretningsmann Øistein Nesse (1900–1980) og Sofie Skigelstrand (1909–1984).

Sjølv vart ho ikkje gift, og fekk ikkje born.

Liv og virke

Ho vaks opp i Klepp kommune på Jæren, og litteratur vart tidleg ein viktig interesse. Ho lærte seg tidleg å lese, og skal som tiåring ha hatt meir enn 200 bøker. Oppveksta i Klepp var med ho heile livet, og særlig minnet om morfaren Bernt Skigelstrand var viktig for ho. Han rakk å sjå at ho fekk vitnesbyrdet etter å ha teke examen artium ved Rogaland offentlege landsgymnas.

I 1953 flytta Nesse til Oslo, og frå det året til 1955 studerte ho ved Oslo lærerskole. Så følgde studie ved Universitetet i Oslo, med tysk hovudfag i 1963. Ho arbeida som adjunkt i skulen medan ho studerte. Etter hovudfaget vart ho universitetslektor, og heilt til 2000 hadde ho den tittelen. I den siste tida var ho førsteamanuensis ved Germanistisk institutt ved UiO.

Nesse må ha hatt ein stor arbeidskapasitet, for samstundes som ho arbeida ved UiO, etablerte ho seg som ein av våre framste gjeniktarar. Teknisk sett var ho ein omsetjar, men ho takla litteratur som krev mykje meir enn berre rein omsetjing. I bakgrunnen finn vi påvirking frå professor Ingerid Dal. Ein av hennar krav var at ein måtte analysere ein tekst grundig språkleg og grammatisk før ein kunne analysere han. Med den tilnærminga kunne ho gå laus på eit av verdslitteraturen sine store verk, Goethes Faust.

Ho var òg viktig som lærar på universitetet. Ho kunne formidle som få andre, og hadde ein kjærleik til det skrivne ordet som gjorde studentane i stand til å plassere litteratur i ein større samanhang. Forelesningane hennar vart svært populære, og det vart lagt merke til at ho aldri hadde korkje manus eller huskelapp. Alt ho skulle formidle satt i eigen hjerne, og når ein skriv om ein lyrikar vert ein freista til å seie, ei eige hjarte.

Goethes Faust var eit høgdepunkt, men den første omsetjinga var Tynset av Wolfgang Hildesheimer. Med den starta ho sin karriere med å få Bastianprisen i 1967. Noko som særpreger Nesse er at ho ikkje avgrensa seg til tysk litteratur. Ho omsette frå tysk, engelsk, spansk (både kastiljansk og meksikansk), nederlandsk og fransk. Det å tilegne seg eit nytt språk ser ut til å ha vore som ein leik for ho. Ho var òg særs vel bevandra i alle versemål, rim og rytmar, og kunne omsetje dei til norsk språkdrakt som få andre har klart.

Ein skal heller ikkje gløyma hennar eiga forfatterskap. Ho derbuterte i 1970 med samlinga Av hav er du komen. Hennar sjuande diktsamling, Men du syng, Irina (1986), handla om den fengsla russiske forfattaren Irina Ratusjinskaja. I sin eigen dikting får ein eit møte med Jæren, familien, kjærleiken, livet og døden. I 1985, då Lysår kom ut, skreiv Finn Jor i Aftenposten at «Bedre enn dette skrives det ikke i Norge».

Men du syng, Irina markerer òg ei lang teneste i forsvar for ytringsfridomen. Ei anna sak som var viktig for ho var Israel, som ho tok opp i samlinga Rekviem for Israel og i gjendiktninga av Nelly Sachs sin Eli.

Hovedverket, Faust, kom ut i 1992 (bind I) og 1999 (bind II). Under arbeidet med andre bindet kjempa ho mot kreft, noko ho tok opp i sine siste diktsamlingar.

Nesse fekk fleire prisar og utmerkingar. I 1993 fekk ho den tyske æresordenen Bunderverdienstkreuz, og i 2001 vart ho ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ho fekk mellom anna Norsk oversetterforenings pris (1967), Klepp kommunes kulturpris (1992), Doblougprisen (1999), Bokklubbens skjønnlitterære oversetterpris (1999) og Nynorsk litteraturpris (2000). Ho var òg medlem av Norsk kulturråd og Forfatterforeningens litterære råd.

I 2001 måtte ho gje tapt for kreftsjukdommen. Ho etterlot seg ein arv ikkje berre i form av bøker, men òg i form av inspirasjon til ein generasjon av litteraturstudentar. Ein kan mellom anna nemne opplandsforfattaren Karen Selma Mariendal, som kanskje aldri hadde delt sin lyrikk med verda om ho ikkje hadde hatt Åse-Marie Nesse som lærar.

I 2007 vart minnesmerket Ein plass for poesi sett opp nær Klepp kyrkje. Det er utforma av Marit Lyckander i granitt, med fleire sitat av Nesse hogd inn i steinen. Minnesmerket er sett opp slik at ein kan stoppe opp å sjå utover havet og jærlandskapet, og er med det ein plass for både poesi og refleksjon.

Litteratur og kjelder