Klepp kommune
Klepp kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1120 |
Fylke | Rogaland |
Kommunesenter | Kleppe |
Areal | 113.49 km² |
Areal land | 102.62 km² |
Areal vann | 10.87 km² |
Folketall | 19 217 (2018) |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Klepp kommune er ein kommune på Jæren i Rogaland. Kommunen grensar til Hå i sør, Time i aust og Sandnes og Sola i nord. Klepp og Time er dei to einaste kommunane i Rogaland som har hatt uendra grenser sidan 1837. Namnet kjem frå norrønt Kleppr, 'klump', truleg opphavleg nytta om høgda Kleppvarden.
Det er to tettstader som ligg heilt innanfor kommunen sine grenser: Administrasjonssentert Kleppe med drygt 8200 innbyggjarar (2013) og Pollestad med nesten 600 innbyggjarar (2013). Tettstadene Bryne og Kvernaland ligg dels innafor Klepp kommune.
Klepp er ein jordbrukskommune, der nesten tre fjerdedelar av arealet er dyrka mark. Om lag atten prosent av den dyrka jorda går til kornproduksjon, rundt åtte prosent til potet og frilandsgrønnsaker og ein fjerdedel til åker og hage. Det er også ein del pelsdyravl og husdyrbruk i kommunen.
Kjelder
Eksterne lenkjer
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Klepp kommune, kulturetaten på Digitalt museum.
- Klepp kommune, kulturetaten på KulturNav