Øksnes kommune
| Øksnes kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 1868 |
| Fylke | Nordland |
| Kommunesenter | Myre |
| Areal | 319.51 km² |
| Areal land | 310.65 km² |
| Areal vann | 8.86 km² |
| Folketall | 4 541 (2018) |
| Grunnlagt | 1838 |
| Målform | nøytral |
| Nettside | Nettside |
Øksnes kommune, nordsamisk Ikšnášši, er ein kommune i Vesterålen i Nordland fylke. Kommunen ligg på nordvestenden av Langøya. Øxnæs Formandskabsdistrict vart etablert i 1838. Jørland og Verhalsen vart overført frå Øksnes til Bø kommune i 1866. I 1919 vart kommunen delt i to da Langenes herred vart oppretta i austdelen av området. I 1963 vart garden Holm overført frå Langenes til Sortland kommune. Kommunen fikk sine noverande grenser i 1964, da Langenes vart slegen saman med Øksnes igjen, og Kråkberget og halvøya nordom vart overført frå Øksnes til Bø kommune.
Øksnes kommune grensar til Bø kommune i sørvest og til Sortland kommune i søraust. Over Gavlfjorden i aust grensar Øksnes til Andøy kommune, og i nordvest grensar Øksnes til Norskehavet.
Eksterne lenker
|
