Ḥazzanut

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
78-plate med ḥazzanen Gerson Sirota frå Vilna (Vilnius) i Litauen.

Ḥazzanút (hebraisk חַזָּנוּת), jiddisch chazónes eller jødisk kantorialsong er fellesnamn for dei ulike tradisjonane av solosong i synagogen. Enkelt sagt kan vi skilje mellom sefardisk (inkludert portugisarjødisk) ḥazzanút og asjkenazisk ḥazzanút, der førstnemnte tradisjon i hovudtrekk har forsongar-preg med vekt på diksjon og sistnemnte i mykje større grad har ein reint solistisk rolle med større vekt på stemmeprakt og innleving. Ein person som framfører ḥazzanút i synagogen kan bli kalla ein sjalíaḥ ṣibbúr, ḥazzan eller kantor. Eit av hovud-oversiktsverka for asjkenazisk ḥazzanút sist på 1800-talet og inn på 1900-talet var Baal t'fillah oder der practische Vorbeter : vollständige Sammlung der gottesdienstlichen Gesänge und Recitative der Jsraeliten nach polnischen, deutschen (aschk'nasischen) und portugiesischen (sephardischen) Weisen nebst allen den Gottesdienst betreffenden rituellen Vorschriften und Gebräuchen (Göteborg 1887) av Abraham Baer, som var overkantor og songlærar i det judiska samhället i Göteborg frå 1857 til han døydde i 1894.

Sefardisk ḥazzanút

Asjkenazisk chazónes

Kjente ḥazzanim i Norge

Lenkjer

Portugisarjødar

Asjkenazim

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!