Ålhus krins

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Aalhus krins»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ålhus krins (også skreve Aalhus) var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Skulekrinsen dukkar fyrst opp i protokollane i 1882, men kan ha vore i drift tidligare.

I 1897 blei Svidal skulekrins slått saman og lagt under Aalhus krins. Samanslåinga hadde blitt vedtatt av skulestyre i Jølster i 1896, men blei først gjennomført i 1897, da kyrkjedepartementet godkjente vedtaket.

Det vart i perioden 1898 til 1900 også heldt privatskule i Aalhus. Dette var for barn under 15 år. Totalt var det 39 barn som blei undervist i privatskule dei to åra. Frå hausten 1900 var det berre fem barn som blei undervist utanfor folkeskulen i heile kommunen.

I 1959 blei det bestemt at dei fire skulekrinsane: Aalhus, Eikaas, Gjesdal og Sandal skulle samlast til «ein skulestad». Den nye skulen skulle vere på Vassenden. Da Vassenden skule blei opningsklar i 1968, så vart Aalhus skulekrins nedlagt og innlemma i den nye skulen.

Skulehus

Når det blei bygga eit skulehus i Ålhus er usikkert. Det eldste tilfellet man høyrer om skulehuset er i femårmeldinga for «Jølster folkeskoler» frå 1891-1895. Der står det oppført at «Aalhus skolehus er opført af kretsen uden amtsbidrag og er saaledes kredsens eigedom». Skulehuset måtte derfor ha vore drift seinast i 1891.

I perioden 1896-1900 vart det bygd eit nytt skulehus i Aalhus. I femårsmeldinga frå same periode, står det fylgjande: «I Aalhus er bygget nyt skolehus med 2 klasseværelser, Hvis gulvflade er henholdsvis 6.5 X 7 og 6.5 X 5». Det nye skulehuset rommet ca. 30 barn.

I 1956 blei det innlagt «drikkevatn og vassklosett» på skulen. Gangen vart også utvida og eit nytt rom til skulemateriell vart bygt.

Skuledagen

Informasjon om skuletid og fag for folkeskulen i Jølster
Foto: Henta frå: Dagbok for Ålhus skulekrins 1960-1968

I Skuleprotokoll for Ålhus skulekrins 1903-1968 oppgis det at det i 1940 ikkje vart avheldt årsprøve, og at elevane istaden har fått standpunktkarakterar. I den same protokollen oppgis det at engelsk vart innført som fag ved skulane i Jølster frå hausten 1966. I 1967 var det derfor berre gitt karakterar i muntleg engelsk.

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Fossheim Elias 1846 Ålhus 1883 1893 Balestrand 1867 og Stord 1870
Fossen Anders 1855 Ålhus 1893, 1908 1900, 1912 Hamar 1884 Var lærar på Ålhus i to perioder: 1893-1900 og 1908-1912
Ålhus Johannes 1880 Ålhus 1900 1908 Elverum 1900
Bolæst Aud Ålhus 1911 1912
Sandnes Samuel 1890 Ålhus 1912 1914 Volda 1911
Thune Hermund 1891 Ålhus 1914 1960 Lærarskuleeksamen 1912
Fluge Kristianne 1902 Ålhus 1927 1941
Blakar Sunde Anne Ålhus 1951 1961 Lærarinne for 1. og 2. klasse
Aasen Kåre Ålhus 1961 1968
Sårheim Almveig Ålhus 1961 1962 Lærarinne for 1. og 2. klasse
Erna Osvoll Ålhus 1966 1968 Lærarinne for 1. og 2. klasse

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Dagbok for Svidal og Ålhus skulekrins 1891-1914. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Ålhus skulekrins 1883-1904. Digital versjon og Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Ålhus skulekrins 1904-1924. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Ålhus skulekrins 1914-1945. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Ålhus skulekrins 1924-1968. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Ålhus skulekrins 1945-1960. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Ålhus skulekrins 1960-1968. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Ålhus skule og Svidal skule, 1892-1913. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Ålhus og skulekrins 1903-1968. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Protokoll over undervisningspliktige born for Ålhus skulekrins, 1907. Digital versjon på Digitalarkivet.no.


Koordinater: 61.530551° N 6.234016° Ø