Åmot krins (Jølster)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Aamodt krins»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Åmot krins, også skreve Aamodt, var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Krinsen blei trulig oppretta i 1899, etter at den nye krinsreguleringa frå 1897 vart vedteke. Tidligare hadde borna på Åmot vært underlagt Navnløs (Haugen) krins, som blei nedlagt i 1897.

Skulen i Åmot var to-delt. I perioden 1901-1917 var det i gjennomsnitt 29 elevar kvart år. Men i perioden 1943-1970 var det 21 elevar kvart år i gjennomsnitt. Ein nedgang på 8 elevar.

Åmot krins var i drift fram til 1971. Det hadde i 1970 blitt sendt eit forslag frå skulestyre i Jølster om elevane i Åmot skulle overførast til Skei. Forslaget blei røysta over og fleirtalet var imot. Det blei argumentert at vegen mellom Skei og Åmot var for dårlig. Eit eksempel var at strekningen mellom Åmot og Fonn hadde nylig vore stengd i 14 dagar.

Men berre eit år seinare. i 1971, blei det røysta over om Åmot krins skulle fortsette å være ein framtidig skuleskipnad. Fleirtalet meinte at skulen burde opphevast – 8 mot 1. Borna var deretter overført til sentralskulen på Skei.

Skulehus

Det fyrste skulehuset i Åmot blei trulig bygt på 1890-tallet. Dette huset var i bruk fram 1957, då eit nytt skulehus vart bygt. Planlegginga av det nye skulehuset tok lang tid og begynte allereie i 1947. Skulehuset blei etter kvart selt til ein privat eigar. Huset står der fortsatt.

Det eldste skulehuset hadde vedfyring, og skulestyrets møtebøker viser at det var levert ved til skulen for oppvarming om vinteren.

I 1919 vart det tinga 15 nye pultar til skulen.[1]

Skuledagen

i 1919 oppgir møteboka for skulestyret i Åmot at små- og storskulen skal haldas veskelsvis annankvar dag. Begge klassane fekk potetferie i slutten av september.

Barna ved Åmot skule deltok i skulegudstenestar på Helgheim.[2]

Skulevegen

Barna frå Fonn vart hindra på skulevegen av ver og føre fleire gongar. Flaum hindra barna frå å komme til skulen både 8. januar 1943 og 7. september 1966. Mars 1967 var det flaum igjen, med vegen vart åpna så borna kom seg fram til slutt. Både i desember 1889, mars 1900 og februar 1968 vart barna i Fonn helde heime grunna fare for snøras.[3][2]

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Ole Olsen Viken 1848 Åmot 1907 191? Balestrand 1868 Usikkert når Viken slutta
Jonas Flatjord 1895 Åmot 1919 1921 Elverum 1919
Inga Bakke 1899 Åmot 1921 1965? Volda 1921 Usikkert når Bakke slutta. Også omtala som Inga Øygard i skuelstyreprotokollane.[1]
Almveig Sårheim Åmot 1966 1967
Liv Gjellestad Åmot 1967 1968
Liv Hushagen Åmot 1968 1969
Lilly Gustafssonhære? Åmot 1969 1970

Foto

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Møtebok for Åmot skulekrins 1917-1971
  2. 2,0 2,1 Dagbok fot Åmodt skulekrins 1943-1970
  3. Dagbok for Veiteberg skulekrins og Åmot skuleskrins 1883-1901

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Allkunne - Skular i Jølster
  • Dagbbok for Veiteberg og Åmot 1901-1924
  • Dagbok for Åmot skulekrins 1943-1970
  • Møtebok for Åmot skulekrins 1917-1971


Koordinater: 61.61477° N 6.72123° Ø