Aanund Olsnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aanund Olsnes (fødd 1949) er historikar og bygdebokforfattar. Han er også lokalpolitikar for Arbeidarpartiet i heimkommunen Vinje i Telemark.

Olsnes er cand.philol. i historie. I 1978 leverte han hovudoppgåva Venstre i Bratsberg i 1880-åra ved Universitetet i Bergen. Han har seinare mellom anna arbeidd som førstekonservator og amanuensis i historie ved Høgskolen i Telemark.

Han var forfattar av tredje band av Kviteseid bygdesoge, Kultursoga frå dei eldste tider til kring 1820 som vart utgjeve i 1987. I 1998 vart han tilsett som bygdebokforfattar i Bykle kommune, og i 2006 kom Heimar og folk i Bykle ut i fem band. Han bidro også med ein innleiande artikkel til Telemarks historie.

Kjelder