Anders Aarsand
Anders Aarsand (fødd 23. februar 1899 i Ænes sokn i Kvinnherad, død 26. oktober 1986) var lærar i Kvinnherad. Han var òg leiar av Ænes sundagsskule og formann i Ænes fråhalds- og helselag.
Han var son av Anders Gotskalksen Aarsand og Dorothea f. Havnerås, Årsand i Kvinnherad. Faren var bonde og laksefiskar. Anders Aarsand tok eksamen ved Stord lærarskule i 1925, etter å ha gått Framnes ungdomsskule og Bakken språk- og handelsskule i Kristiansund (eksamen 1918). Også dei eldre brørne Jens og Odd Aarsand var lærarar.
Som nyutdanna var Aarsand vikar ymse stader, før han i 1931 vart tilsett som lærar ved Hamarhaug skule i heimbygda Kvinnherad. Seinare var han ved krinsen Ænes-Lyngstrand i same bygd.
Anders A. Aarsand var formann i Hamarhaug fråhaldslag og leiar av barnelaget og sundagsskulen i bygda.
Han var gift med Martha f. Haavik (1913-79), dotter av Tørres Haavik og Margrethe f. Vågen.
Kjelder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 2845539), med bilete av gravminnet.
- Anders Andersen i folketeljinga 1900 for Kvinnherad herred frå Digitalarkivet
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket