Anders Otteson Grov

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Otteson Grov (døypt 16. mai 1784, død 26. august 1849) var gardbrukar på Grov i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av gardbrukar og kyrkjeeigar Otto Olson Grov og Eli Johnsdotter. Anders fekk skøyte på heimebruket alt som 2-åring 9. mars 1786. Anders var eineborn og vart foreldrelaus då båe foreldra døydde i mars 1783, før han var eitt år.

Anders var av dei fyrste som fekk røysterett i Jostedalen. Han svor eid til grunnlova på tinget 7. juni 1815.[1] I valmannsvalet i samband med Stortingsvalet 10. august 1817 vart han vald til vararepresentant frå Jostedalen. Valmann var Lars Olson Fåberg.[2]

Notar

  1. Jostedøler med røysterett 1814-1823 (Jostedal historielag)
  2. Valmenn frå Jostedalen (Jostedal historielag)

Litteratur og kjelder