Anders Torkjelson Sundve

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Torkjelson Sundve (fødd 3. mars 1839 i Vossestrand, død 5. august 1911) var husmann og møllar, busett i dåverande Vossestrand kommune.

Han var son av Torkjel Person Rue og Marie Sjursdotter f. Selje. Anders vart gift med Brytteva Larsdotter Århus (1843-1914) frå Evanger; foreldra hennar var Lars Jonsson f. Brekkhus (1815-1892) og Marta Askjelsdotter (1816-1899).

Ekteparet slo seg ned på plassen Sundveshaugane, der Anders arbeidde som både husmann og møllar. Paret fekk fleire born, mellom anna dottera Sigvor (1881-1953), som vart gift med Karl Fadnes. Ei anna dotter, Maria, vart gift Opheim. Ei yngre dotter, Malene, budde i 1910 heime hjå foreldra og livnærte seg som syerske.

Kjelder og litteratur