Anna Bakk Holestøl (1901–1994)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anna Bakk Holestøl (fødd 15. juli 1901 i Oppdal, død 3. mai 1994 i Hol) var distriktsjordmor i Hol i 34 år frå 1930 til 1964. Ho var også aktiv i styre og stell i kommunen.

Anna Bakk gjekk på den kristelege folkehøgskulen Fredly i Børsa 1918-19. Ho gjekk seinare på Statens kvinnelige industriskole og tok i 1929 eksamen ved Bergen jordmorskole.

Virke som jordmor

I januar 1930 var ho ein av 43 søkjarar til jordmorstillinga i Søndre Stjørdal. Då var ho busett i Overhalla. I mai same år søkte ho jobb i Hol, som nett var delt i austre og vestre jordmordistrikt. Bakk fekk jordmorstillinga i austre, medan Ragnhild Foss, som til då hadde vore privatpraktiserande jordmor på Geilo, vart tilsett i vestre.

Det vart diskusjon i heradstyret om bustaden til jordmora. Nokre meinte jordmora sjølv måtte få ha eit ord med i laget, men det vart vedteke at ho skulle bu i Hovet, der det var kortast veg til alle delar av distriktet.

Familie

Spørsmålet om bustad kom opp att etter at Bakk i 1932 gifta seg med målarmeister og rosemålar Knut Mikkelson Holestøl (1896-1978) frå Holestølen i Hovet. Året etter kjøpte han klokkargarden Solvang i Holet. Jordmora fekk då løyve til å busette seg der. "Ein går då ut frå at ho legg inn telefon."[1]

Ekteparet fekk borna Kjell (f. 1934) og Aud Marit (f. 1937). I 1934 fekk Anna innvilga tenestefri i fire månader frå oktober til februar, truleg i samband med fødselen til Kjell. I denne perioden tok Ragnhild Foss båe jordmordistrikta i kommunen. I 1963, året før ho slutta som jordmor, vart Bakk Holestøl tildelt kongens fortjenstmedalje i gull.

Verv i kommunen

Anna Bakk Holestøl hadde fleire verv i kommunen. Ho var med i vergerådet, edruelighetsnemnda, sosialstyret, kontrollnemnda, trygdenemnda og ein komité som skulle vurdere stipendutdeling til skulesøkjande ungdom. Det syner også engasjement at ho deltok i kronerulling for saker som Hol helselag og gjenreisinga av eit krigsramma Finnmark.

Fotnoter

  1. Buskerud Dagblad 1933, s. 3

Kjelder og litteratur