Anne Hørte Hellstrøm

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anne Hørte Hellstrøm (fødd ca 1943) frå Hørtegrenda i Sauherad, Telemark er ein tekstilkunstnar som har drive med veving den største delen av livet. Ho vever mellom anna telemarkstepper og duker og løpere med åttebladsroser. Anne er gift med Kjell Hellstrøm frå Sverige som er grafiker og kunstmålar. Om sommaren arbeider Anne i det gamle dampfargeriet i Hørtegrenda, og i Sunne i Värmland om vetteren. I 2013 heldt ho jubileumsutstillinga si, som samstundes var hennar fyrste separatutstilling, i Dampfargeriet.

På yrkesskulen i Lunde kommune der ho gjekk i 1964–65 valde ho veving som sitt hovudfag, der fekk ho Ågot Stuvetrå frå Tinn og Dagrun Trae til lærarar. Dei ville at elevane skulle prøve seg fram med vevinga, og dei to åra skulle vere starten på utdanninga til husflidslærar. Det hadde Anne gjerne blitt, men vegen gjekk til jobb då ho og dei tre brørne hennar mista faren. Anne var då berre 17 år, og den fyrste jobben var på terapiavdelinga på Faret, det som no er den psykatriske avdelinga ved sjukehuset i Skien. Seinare vart det utdanning til hjelpepleiar i Porsgrunn, og så ein jobb som lugardame på danskebåten mellom Larvik og Frederikshavn. Anne var premiedansar og traff mannen Kjell, i folkedanssamanheng. I 1973 gifte dei seg og flytta til Värmland. Etter videreutdanning i vev og eit kurs i dekorativ veving vart ho kursleiar i veving, biletvev, nålbinding, plantefarging og halmsløyd. Berre kunsthandverk ga ikkje brød på bordet, så ho har og arbeidd mellom anna i heimesjukepleien attåt.

I ulike intervju har Anne fortalt at ho lærde spinne av ei tante, og ei tante som heitte Rønnaug hadde vev på kjøkkenet til familien. Rønnaug budde der til Anne var 20 år. Av tantene som var reine meistre i den gamle og tradisjonelle vevkunsten i Sauherad og andre bygder i Telemark lærte Anne mange vevteknikker og anna ho tykte var moro. Vevnadene hennar viser klårt at ho er glad i farger.

På jubileumsutstillinga i 2013 viste ho eit teppe som ho vov på på 16 skaft på yrkesskulen, men og andre ting som billedvev, duker som og kan nyttas som sengeteppe, gardiner, teppe og pledd. Anne har og vevd eit teppe som skal vere ei kopi av Hellandteppe frå Bø, og om det fortalde ho til Anne Lill W. Aas frå Telemarksavisa at «Det ble jeg fortalt av tanten min. Jeg har forsøkt å få de samme fargene som var i teppet. Det har vært en utfordring, siden de brukte plantefarger på den tiden, sier hun.». Telemarksteppet og eit tradisjonelt teppe i krokbragd var sjølvsagt med på utstillinga.

Kjelder

  • Johnsen, Svein Aage: «Vevd tepper i mer enn 50 år», på side 3 i Telemarksavisa 28. januar 2016.
  • Nymoen, Mari: «Viser fram vev», på side 8-9 i Telen 25. juli 2012.
  • Nymoen, Mari: «Tryller med tresnitt», på side 10 i Telen sin kulturseksjon 1. juli 2015.
  • Aas, Anne Lill W.: «Det undervises nesten ikke i vev», på side 52-53 i Telemarksavisa 31. juli 2012.