Antonie Tiberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Antonie Tiberg.
Foto: Ukjent/Domkirkeodden (1921).

Antonie Tiberg (født 28. juli 1878 i Hammerfest, død 14. februar 1952 i Oslo) var lektor og litteraturforskar. Ho blei i 1910 adjunkt ved Hamar off. høiere almenskole, og blei dermed første kvinnelege filolog i Norge som blei tilsett i eit embete. Antonie Tiberg arbeidde aktivt for å styrke kvinnelege akademikarar sine kår.

Ho var dotter av kjøpmann Jacob Anton Tiberg (1846–1918) og Benedicte Marie Feddersen (1849–1901). Sjølv blei ho ikkje gift.

Ho voks opp i Hammerfest og reiste til Kristiania for å ta utdanning. Ho tok guvernanteeksamen ved Nissens pikeskole, og arbeidde så i tre år som guvernante og lærarinne i småskulen. Foreldra ville ikkje at ho skulle ta vidare utdanning, men ho trassa det og blei i 1906 ei av dei første kvinnene i Noreg som blei cand.mag. med ein språkleg-historisk lærareksamen. I skuleverket var det stor skilnad på mannlege og kvinnelege lærarar. For å gjere noko med dette skipa ho saman med sin tidlegare medstudent Lydia Bang Kvinnelige lærerkandidaters forening. Denne foreininga blei oppløyst allereie i 1913. I mellomtida hadde ho klart å få stillinga som adjunkt på Hamar.

Ved sidan av lærarjobben skreiv Tiberg gjennom mange år om litteratur for tidsskrift og aviser, og ho skreiv og redigerte fleire litteraturhistoriske verk. Dei største arbeida hennar er biografiar om Ragnhild Jølsen (Ragnhild Jølsen i liv og digtning, 1909) og Amalie Skram (Amalie Skram som kunstner og menneske, 1910). Ho redigerte og utgav Ragnhild Jølsen sine Efterladte arbeider i 1908. Ein annan forfattar ho studerte var Hans E. Kinck, og med han brevveksla ho i ei årrekke.

Etter nokre få å på Hamar blei ho lektor på skulen. Ho underviste i norsk, tysk og historie. Tiberg skreiv også lærebøker i tysk for mellomskule og gymnas, og hadde fleire studiereiser til Tyskland.

Ho var frå 1912 til 1915 også medlem av skolestyret på Hamar. Tiberg blei aktiv i Hamar mållag, og i 1918 blei ho leiar i laget. Frå 1917 til 1923 var ho leiar i Bjørnsonforbundet på Hamar, som ho sjølv hadde teke initiativ til å skipa.

I 1923 blei ho lektor ved Vahl skole i Kristiania, og i 1928 ved Hegdehaugen skole. I 1928 starta ho saman med kollegaer opp Kvinnelig lektorklubb, Oslo. Dette var ein oppfølgjar til Kvinnelige lærerkandidaters forening. Ho var leiar i klubben dei to første åra. Tiberg var også medlem av Norske Kvinnelige Akademikeres Landsforbund og hovudredaktør for forbundet si jubileumsbok Kvinnelige studenter 1882–1932.

I 1936 måtte ho søkje avskil frå skulen, då synet hadde byrja svikte.

Som pensjonist via ho seg særleg til arbeid for Den katolske kyrkja. Ho moderniserte ei katolsk bibelhistorie, var språkkonsulent for ei ny utgåve av Det nye testamentet og ho byrja på ei omsetjing av messeboka Missale Romanum frå latin til norsk. Etter at ho døydde fullførte Ivar Hansteen Knudsen omsetjinga (utg. 1961). I 1948 fekk ho den pavelege fortenestemedaljen Pro ecclesia et Pontifice.

Ho døydde i Oslo i 1952, og blei gravlagd på Vår Frelsers gravlund.

Litteratur og kjelder